Hopp til innhold

Aasulv Lande (1893-1963)

Aasulv Torsen Lande, teolog og prest. Han var i ei årrekkje sokneprest i Drangedal og prost i Bamble i Telemark.

Aasulv T. Lande var fødd i Bygland i Aust-Agder 4. mars 1893 og døydde 12. februar 1963 i Drangedal. Han tok lærareksamen ved Notodden lærarskule i 1913 og var lærar nokre år før han fullførte eksamen artium i 1917 og byrja å studere teologi. Han vart cand.theol. ved Det teologiske Menighetsfakultet i Oslo i 1922 og tok praktisk-teologisk eksamen i 1923. Same året vart han tilsett som stiftskapellan i Agder. Deretter var han sokneprest i Seljord 1924–34. I 29 år, frå 1934 til 1963, var han sokneprest i Drangedal og frå 1937 samstundes prost i Bamble prosti i Telemark.
Lande grunnla Menighetsbladet i Drangedal og redigerte det frå starten i 1935 til han døydde i 1963. Han vart oppfatta som ein streng prest av den gamle typen og polemiserte mot dans, søndagsidrett og alkoholbruk. Samstundes heldt han andakter i den kristne arbeidarrørsla, noko som kunne vere omstridd på den tida. Han stod elles i eit godt tilhøve til misjonsfolket, men var kritisk til frikyrkja og pinsevenene. Lande var ein klar motstandar av nazi-styret, og som dei fleste prestane i Noreg la han ned den statlege delen av presteembetet i påska 1942. I prestegjerninga var han nynorskbrukar, men utan å vere direkte engasjert i målrørsla. Aasulv T. Lande var nevø av lærar og venstrepolitikar Aasulv Eivindson Lande og onkel til seinare professor Aasulv Lande.
Kjelder
E-post frå Aasulv Lande 14.2.2012
Reidar Bolling (red.): Norges prester og teologiske kandidater. Oslo 1958
Bjørn Hougen (red.): Studentene fra 1917. Oslo 1947
Arne Lauvhjell: Tørdal kjørke. Glimt frå dei eldste tider til 2009. Skien 2009

Først publisert: 10.04.2012
Sist oppdatert: 10.04.2012