Hopp til innhold

Aasulv Lande (1937–2019)

Aasulv Lande, misjonær, prest og professor med religionsdialog som spesialområde.

Aasulv Lande var fødd i Bygland 25. desember 1937 og døydde på Arendal sjukehus 8. juli 2019. Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultet i Oslo i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1964. Han var dr.theol. frå Uppsala universitet i 1988.
Han var misjonsprest i Japan frå 1965 til 1980. Frå 1981 til 1988 var han forskar i misjonsvitskap ved Uppsala universitet, arbeidde som amanuensisvikar i japansk ved Universitetet i Oslo 1989–90 og var deretter tilsett som førelesar og forskar i teologi og misjonsstudiar ved University of Birmingham. Frå 1994 til 2005 var han professor i misjonsvitskap og økumenikk ved Lunds universitet. Som misjonsprest i Japan lærte han seg japansk, og han tok grunnfag i japansk ved Universitetet i Oslo 1971.
Lande arbeidde i særleg grad med religionsdialog, i første rekkje møtet mellom buddhismen og kristendomen. Hovudinteressa var japanske religionar. Doktoravhandlinga Meiji Protestantism in History and Historiography (1988) er ein komparativ studie av japansk og vestleg tolking av tidleg protestantisme i Japan. Lande hadde ein omfattande fagleg produksjon. I 1990 publiserte han innføringsboka Japans religionar på Samlaget. I seinare år var han òg oppteken av relasjonane mellom jødedomen, kristendomen og islam.
Lande tok del i fleire forskarprosjekt og ‑nettverk. Mellom anna var han president i European Network for Buddhist-Christian Studies i perioden 1996–2005. Aasulv Lande var soneson til lærar og venstrepolitikar Aasulv Eivindson Lande, nevø av prost Aasulv T. Lande, og han var gift med teolog og forskar Gunvor Lande.
Kjelder
E-post frå Aasulv Lande 21.12.2011 og 14.2.2012
«Et liv med religionsforskning», Fedrelandsvennen 22.12.2007
Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Den norske kirkes presteforening. Oslo 2000
Aasulv Lande, profil på linkedIn: http://www.linkedin.com/pub/aasulv-lande/39/80b/402 [lesedato 21.12.2011]
Peikarar

Bibliografi i Bibsys

Først publisert: 10.04.2012
Sist oppdatert: 07.08.2019