Hopp til innhold
Alf Larsen. Foto: Gyldendal.
Alf Larsen. Foto: Gyldendal.
X
Innhald

Alf Larsen

Alf Larsen, 1885­–1967, var forfattar og redaktør. Han debuterte med diktsamlinga Vinterlandet i 1912, under pseudonymet Alf Ingebrekt. I åra 1933–41 kom Janus, eit kulturkonservativt tidsskrift med sterkt antroposofisk preg. Etter 1945 var han medredaktør i tidsskriftet Spekter. Larsen gav òg ut diktsamlingar som I jordens lys (1946), Høsthav (1958) og En tangkrans (1959). I 1956 kom Utvalgte dikt. Siste strofer.

Larsens etterlatne dikt kom ut i 1969. Han skreiv òg essay, Den kongelige kunst (1948) og I kunstens tjeneste (1964), og aforismar i Nattetanker (1951).

I 2009 blei eit etterlate manuskript med tittelen «Jødeproblemet» funne, og antisemittismen til Larsen har vore diskutert sidan.

Først publisert: 03.05.2016
Sist oppdatert: 03.05.2016