Hopp til innhold
X
Innhald

Amund B. Larsen

Amund Bredesen Larsen, språkvitar. Han studerte bymål og bygdemål og var språksosiolog lenge før faget var etablert.

Amund B. Larsen var fødd i Grue i Solør 15. desember 1849 og døydde i Bærum 27. april 1928. Han gjekk på «Heltbergs studentfabrikk» og vart student i 1866, tok embetseksamen i 1878 ved universitetet i Kristiania og doktorgraden i 1885 på ei avhandling om solørsk. Frå 1879 var han klasselærar i Trondheim og frå 1883 adjunkt i Arendal.
Ved sida av lærararbeidet studerte han målføre. Han gav mellom anna ut Oversigt over de trondhjemske dialekters slægtskabsforhold (1886) og Oversigt over de norske bygdemål (1897). I 1901 fekk han statsstipend for å studere norske bygdemål.
I 1902 tok han på seg å studere dei viktigaste bymåla for Bymålslaget. Han gav ut Kristiania bymål (1925), Bergens bymål (1912, saman med G. Stolz) og Stavanger bymål (1925, saman med M. Berntsen). Det siste store verket hans var Sognemålene (1926).
Han var, liksom Ivar Aasen, ein pioner i norsk målføregransking. Han såg målføra innanfor allmennlingvistiske rammer og var sosiolingvist lenge før faget var etablert.
Kjelder
Ingeborg Hoff: «Amund B. Larsen», i Olav T. Beito ofl. (red.): Opphav og samband. Utgreiingar om norske målføre. Heidersskrift til Ingeborg Hoff på 70-årsdagen 15. november 1981. Oslo 1981
Ragnvald Iversen: «Minnetale over dr.philos. Amund B. Larsen», Årbok 1929. Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Oslo 1930
Trygve Knudsen: «Amund B. Larsen 15. desember 1849–1949», Aftenposten 15.12.1949
Amund B. Larsen: Oversigt over de norske bygdemål. Kristiania 1897
Amund B. Larsen: Skrifter, redigert av Magne Myhren. Oslo 1976
Festskrift til Amund B. Larsen på hans 75-års fødselsdag. Kristiania 1921
Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Oslo 2002
Didrik Arup Seip: «Larsen, Amund Bredesen», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 1938
Vilhelm Sommerfeldt: Studenterne fra 1866. Kristiania 1916
Til minne om Amund B. Larsen. 15. desember 1849–27. april 1928. Oslo 1950
Kjell Venås: «Amund B. Larsen». Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002
Kjell Venås: «Språkvitskapleg arbeid med norsk i 1905 og tidlegare», Språknytt, nr. 1–2/2005
Geirr Wiggen: «Amund B. Larsen som sosiolingvist», i Kulbrandstad og Øygarden (red.): Peilepunkter. Festskrift til Thor Ola Engen 11. januar 1995. Vallset 1995
Peikarar

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013