Hopp til innhold
X
Innhald

Arvid Torgeir Lie

Arvid Torgeir Lie, framståande lyrikar i moderne norsk litteratur. Han tok utgangspunkt i eige talemål og brukte eit variert formspråk, der kortdikt og langdikt vekslar med viser og regler og dikt med preg av forteljing og fabel. Motiva er mangslungne, med vekt på det kvardagslege, og stilen er poengtert og elegant.

Arvid Torgeir Lie var fødd 18. august 1938 i Skafså i Vestfold og Telemark og døydde 19. mai i Spydeberg i Viken. Han voks opp i eit arbeidarmiljø knytt til gruvedrift og kraftutbygging. Han tok examen artium ved gymnaset i Rjukan i 1958 og studerte ei tid ved Universitetet i Oslo. Midt i 1960-åra avbraut han studia og flytta tilbake til Telemark, til Seljord, og arbeidde tidvis som skogs- og anleggsarbeidar. I 1997 flytta han til Spydeberg i Østfold. Etter debuten i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross gav han ut 11 diktsamlingar, ei novellesamling og gjendiktingar frå tsjekkisk og fransk lyrikk (Miroslav Holub og Eugène Guillevic).

Lie sine motiv blei fleire og meir varierte med åra. Eit diktar-landskap nært knytt til norsk natur blei gradvis utvida og integrert i stadig større samanhengar. Samtidig er det ein underliggande tematikk gjennom forfattarskapen. Lie var djupt solidarisk med menneske og leveforhold langt borte frå maktas sentrum. Herifrå henta han både tause og talande vitne til det som skjer i samfunnet, og med oss alle. Frå ulike randposisjonar spegla og kommenterte han både aktuell samfunnsdebatt og eksistensiell utvikling.

I all si skriving var Lie oppteken av den samfunnsmessige plasseringa og verknaden poesien har samanlikna med andre sjangrar og skriftlege uttrykk. I Lies eigen praksis framstår diktinga og poesien som det mediet som i sterkast grad evnar å sameine kjensler og refleksjon, liv og sak. Med stor presisjon og kraft skaper han tekstar der «de konkrete tings påtakelighet» som han sjølv har uttrykt det, støyter saman med det abstrakte. Og i dette språklege universet blir eit mylder av assosiasjonar og tydingar skapte, det konkrete og enkle blir ikkje eintydig og trygt plasserbart, men spenstige springbrett som inviterer til nylesing og ettertanke.

Dikta til Lie står ofte fram som nakne og asketiske. Noko særmerkt med dikta hans er likevel at lesaren aner det store råmaterialet diktaren har arbeidd med. Og han er ein av få forfattarar som har henta materialet sitt frå det språktilfanget der dei tradisjonelle skiljelinjene mellom nynorsk og bokmål nærmast er viska ut.

Lie fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for diktsamlinga Eksakthet, nærvær. For diktsamlinga Innfor den myndige og den umyndige beretninga fekk han Melsomprisen i 2006 og Doblougprisen i 2007. I 2013 fekk Lie tildelt Diktartavla.

Kjelder

Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Etterkrigslitteraturen, bd. 3: Vår egen tid 1980–1998. Oslo 1998

Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003

«Arvid Torgeir Lie», forfattarside, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Lie-Arvid-Torgeir [lesedato 2.5.2017]

«Arvid Torgeir Lie», forfattarside, Telemarksportalen. Litteraturportal for Telemark: http://www.telemarksportalen.no/forfattere/lie-arvid-torgeir [lesedato 2.5.2017]

Først publisert: 10.05.2017
Sist oppdatert: 27.05.2020