Hopp til innhold
Atrid Langjord. Foto: Coldevin, Mosjøen. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Atrid Langjord. Foto: Coldevin, Mosjøen. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Astrid Langjord

Astrid Langjord, forfattar og bondekvinne. I 1949 blei ho den første kvinna som var styremedlem i Noregs Mållag.

Langjord var fødd i Vefsn 4. juni 1885 og døydde 14. desember 1955. Ho var elev ved Vefsn folkehøgskule i 1902 og ved Voss folkehøgskule i 1919.
 
Ho skreiv mykje i blad og julehefte, særleg i Unglyden, signerte ofte med «Skuld», og gav ut diktsamlingane Flyg mine fuglar (1951) og Ei lita gjente gøymer seg (1956). Ei prosasamling kom ut i 1984, som ein del av 100-årsfeiringa av diktaren i 1985. 
 
Ho hadde mange tillitsverv i mållag, ungdomslag og bondelag og var leiar i den nemnda som skapte nordlandsbunaden. Ho har vorte kalla nordlandsbunadens mor,  og i 2017 blei det ført opp statue av Langjord i Mosjøen. 

I 1949 blei Langjord som første kvinne vald inn i styret i Noregs Mållag. Ho er eit døme på at norskdomsarbeidet gav kvinner rom til å drive kulturarbeid og leiarerfaring. 

 
Kjelder
Inger-Lise Breivik o.fl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 16.04.2018