Hopp til innhold

Audun Lysbakken

Audun Bjørlo Lysbakken, politikar, stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Hordaland, tidlegare statsråd i Stoltenberg si andre regjering og partileiar i Sosialistisk Venstreparti frå 2012.

Audun Lysbakken er fødd 30. september 1977 i Bergen. Han tok Bergen Handelsgymnasium i 1993–96 og studerte fransk og samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen i 1996–98. I 1999–2000 var han sivilarbeidar i Norsk Økologisk Landbrukslag og arbeidde eit år som journalist i Klassekampen. I periodane 2001–05 og sidan 2009 har han vore stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Hordaland. Han var statsråd i barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i Stoltenberg si andre regjering i 2009–12.
Lysbakken var medlem av styret i Bergen SV og leiar i Bergen Sosialistisk Ungdom i 1996–98, leiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom i 1998–2000 og nestleiar i Sosialistisk Ungdom i 2000–02. Han var bystyrerepresentant i Bergen for Sosialistisk Venstreparti i 1999–2000, nestleiar i partiet i 2005–12 og partileiar frå 2012.
Lysbakken var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Hordaland i 2001–05 og 2009–13 og frå 2013, og han var vararepresentant i 2005–09. Den første perioden var han i finanskomiteen, sidan 2009 i helse- og omsorgskomiteen, og han har vore parlamentarisk leiar for Sosialistisk Venstreparti etter at han gjekk av som statsråd. Han var barne-, likestillings- og inkluderingsminister i Stoltenberg si andre regjering i 2009–12, men trekte seg i samband med habilitet i ei løyvingssak og fekk ein tøff start som partileiar like etter. Som statsråd hadde han ansvar for oppvekst- og levekår for unge, arbeid mot kjønnsdiskriminering og integrering av innvandrarar. Lysbakken arbeider mot oljeboring i Lofoten, for rettferdig fordeling av gode og utvida pappapermisjon. Lysbakken si utvikling som politikar har gått frå å vere ein ganske dogmatisk sosialist til å bli meir pragmatisk som statsråd og partileiar.
Saman med Ingvar Skjerve gav han ut han debattboka Deltakerne. En reise i demokratiets framtid (2009), og i 2011 kom Frihet, likhet og farskap. Han har hatt tillitsverv i ulike organisasjonar, mellom anna sat han i styret for Bergen Natur og Ungdom og Bergen Ungdom mot EU i 1995–96, og han var medlem av Mannspanelet i 2007–08.
 
Kjelder
Audun Lysbakken, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ALYS [lesedato 21.2.2013]
Peikarar

Først publisert: 12.07.2013
Sist oppdatert: 04.09.2015