Hopp til innhold
X
Innhald

Bolette Christine Pavels Larsen

Bolette Christine Pavels Larsen, kritikar, forfattar og omsetjar. Ho var ein sentral litterær aktør frå 1880-åra og til like over hundreårsskiftet.

Larsen var fødd i Sogndal 18. oktober 1847 og døydde i Bergen 8. desember 1904. Ho fekk opplæring i morsmål av onkelen Gerhard Munthe på morsgarden i Kroken, men hadde inga formell utdanning. Ho flytte frå Sogn som 17-åring, var ei tid hos ei syster i Nord-Noreg og kom så til Bergen, der ho gifte seg med seinare bankfullmektig Ole J. Larsen i 1874.
 
Larsen melde norske og nordiske bøker i Bergens Tidende frå 1884. Ho var av embetsfolk, men snakka sognemål like godt som dansk-norsk. Som fleire nordiske diktarar i samtida skreiv ho forteljingar på sognedialekt (Smaoe Skjeldringa, 1897), og ho sette om forteljingar av skåningen Henrik Wranér frå dialekten hans til sognemål (Staaveprat, 1888). Fleire forteljingar kom på dansk-norsk (Små Skildringer i 1897, Kløver og Klunger i 1902), og i tillegg fleire omsetjingar. Ho hadde god kontakt med nordiske forfattarar som Arne og Hulda Garborg, Herman Bang, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Werner von Heidenstam og Hans Seland.
 
Larsen var ein viktig kulturperson i Bergen og på Vestlandet. Ho la vekt på å omtale den nynorske litteraturen og var ein viktig alliert for Mons Litlerés forlag. Ho var aktiv i Vestmannalaget, med opplesing på målmarknader og ved arrangering av spelemannsstemne, og ho hadde ei hand med i den gryande ungdomslagsrørsla.
 
Kjelder
Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Oslo 1916
Andreas Bjørkum: «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet», i Dialekter och folkminnen. Hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000. Uppsala 2000
Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn.  Historielaget i Sogn 1979
Inger Lise Breivik o.fl.: Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
Margaretha Fahlgren: «Werner von Heidenstams brev till den norska översättaren Bolette C. Pavels Larsen», Edda 1973
Ole Johan Larsen: «Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam», Urd 1906
Idar Stegane: «Bolette Christine Pavels Larsen», «Kritikaren» og «Brevskrivaren» i Idar Stegane (red.): Bolette Christine Pavels Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev. Bergen 1997
Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon. Oslo 1987
 
Peikarar
To digitale forteljingar om Bolette Pavels Larsen, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Biografi av Anton Aure, Nettbiblioteket til Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 15.10.2009
Sist oppdatert: 25.04.2013