Hopp til innhold
Britt Karin Larsen. Foto: Anita Krok med løyve frå Cappelen Damm.
Britt Karin Larsen. Foto: Anita Krok med løyve frå Cappelen Damm.
X
Innhald

Britt Karin Larsen

Britt Karin Larsen er forfattar. Ho fekk Ossietzky-prisen 2000 for ein trilogi om kulturen og levesettet til tatarane.

Britt Karin Larsen, fødd i 1945, er forfattar. Ho har mellom anna gitt ut diktsamlingane 5 mg blues og andre dikt (1978), Ørkenhagen (1991) og Å finne en skog (2000). Larsen skriv òg romanar, mellom andre I ly for regnet (1990), Ormens øye (1993), Reise om høsten (1994), Som snøen faller (1995), Munnen i gresset (1996), Det kan komme fine dager (2002) og Fortellinger om kjærlighet (2003). Boka Det vokser et tre i Mostamägg (2009) handlar om skogfinnar i grenseområdet mellom Hedmark og Värmland. I 2013 kom Det synger i lauvet.

Larsen fekk Ossietzky-prisen 2000 for trilogien om kulturen og levesettet til tatarane, De som ser etter tegn (1997), De usynliges by (1998) og Sangen om løpende hester (1999). Ho har òg skrive barnebøker og sakprosa.

Larsen fekk Riksmålsforbundets litteraturpris og Amalie Skram-prisen i 2001 og Dobloug-prisen i 2014.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016