Hopp til innhold
Carl von Linné. Oljemåleri av Johan Gustaf Sandberg (1782–1854), etter Alexander Roslin (1718–1793). Kjelde: nationalmuseum.se. Public Domain Mark 1.0 / falle i det fri.
Carl von Linné. Oljemåleri av Johan Gustaf Sandberg (1782–1854), etter Alexander Roslin (1718–1793). Kjelde: nationalmuseum.se. Public Domain Mark 1.0 / falle i det fri.
X
Innhald

Carl von Linné

Carl von Linné (opphavleg Linnaeus), 1707–78, var svensk botanikar, zoolog og lege. Frå 1741 verka han som professor i medisin, og seinare også i naturhistorie, i Uppsala. Linné sette inn ei umåteleg arbeidskraft for å nå det store målet sitt: å innføre nye inndelingssystem for plante-, dyre- og mineralriket.
 
Det såkalla seksualsystemet hans, som hovudsakleg var ferdig i 1730, tilfredsstilte kravet om på ein enkel måte å kunne namnfeste og innordne ei plante i eit system. Systemet var basert på bygnaden til blomsteren og talforholda på dei ulike blomsterdelane. Særleg veleigna var dette systemet til å avgrense slekter med, og Linné innførte konsekvent binær nomenklatur, dvs. at kvar art skulle vere namnfesta med to latinske eller latiniserte namn, eitt for slekta og det andre knytt spesielt til arten. Verket Species plantarum (1753) dannar utgangspunktet for namngivinga av planter, medan verket Systema naturae er tilsvarande for dyreriket.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.01.2020