Hopp til innhold
X
Innhald

Dore Lavik

Dore Olivarius Lavik, skodespelar, journalist og teatersjef, vann seg ry som opplesar på landsmål, grunnla sitt eige teater i Kristiania og eit omreisande teater som han turnerte med i Noreg og nabolanda.

Dore Lavik var fødd 4. juni 1863 i Eksingedalen i Hordaland og døydde i Bergen 16. juni 1908. Han drog til Kristiania, der han tok mellomskuleeksamen i 1883 og examen artium i 1885. Dei neste åra las han filologi og livnærte seg som huslærar. Han byrja som opplesar, mest av landsmåldiktarar som Garborg og Vinje. Tanken på å verte skodespelar festa seg, og han lukkast i å få undervisning hos ein kjend instruktør.
Sjølv med gode skotsmål var det smått om oppdrag, og i 1892 reiste Lavik til Amerika for å prøve seg der. Han fekk roller ved det skandinaviske teatret i Chicago, utan at det førte til noko gjennombrot i karrieren, og i 1894 vende han tilbake til Noreg.
Etter eit år som journalist vart Lavik tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1895, der han debuterte som Eilert Løvborg i Hedda Gabler. I 1899 flytta han og kona, skodespelaren Ludovica Levy, til Kristiania, der dei starta Secondteatret og dreiv teaterskule. Etter to sesongar var teatret konkurs. Lavik gjekk straks i gang med eit nytt prosjekt, eit omreisande teater, og gjesta både Sverige og Danmark.
I 1906–1907 turnerte Dore Laviks Det Norske Skuespillerselskab i Noreg og Danmark. Kritikkane var jamt rosande, særleg i danske aviser, og denne turneen var høgdepunktet i Lavik sin karriere.
Kjelder
Nils Johan Lavik: En haugianer på teaterscenen. Oslo 2008
Lise Lyche: Norges teaterhistorie. Asker 1991
Peikarar

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013