Hopp til innhold
X
Innhald

Eigil Lehmann

Eigil Lehmann, prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.

Eigil Lehmann var fødd i Bergen 29. januar 1907 og døydde same staden 28. mars 2009. Han vart cand.theol. i 1929, var hjelpeprest i Modum 1930–37, prest i Skjold i Rogaland 1937–1958, residerande kapellan i Birkeland prestegjeld i Fana til 1971 og sokneprest i Nordås i Fana til 1976.
Lehmann var språkkunnig. Han gav ut Ordbok for Det nye testamentet i 1955 og i 1988 den utvida utgåva Ordbok for Det nye testamentet – nynorsk med tilvising til gresk grunntekst. Saman med Þorsteinn Þ. Víglundsson gav han i 1967 ut Islendsk-norsk ordbok, og i 1987 gav han ut, med Jóhan Hendrik Winther Poulsen som rådgivar, Færøysk-norsk ordbok. Han skreiv òg ein parlør for islandsk, Norsk–islandsk samtalebok. Dei siste åra arbeidde han med ei hebraisk-norsk ordbok for Det gamle testamentet, men rakk ikkje fullføre arbeidet.
Han gav ut preikesamlinga I eit anna ljos i 1977 og skreiv fire diktsamlingar: Vilja de lyda (1967), Lilja i dal (1981), Atturljom (1983) og Ettirrakstur (1990). Saman med Jarle Bondevik redigerte han i 2007 som 100-åring Dikt i utval.
Lehmann var talsmann for høgnorsk og var heidersmedlem i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag. I 1965 var han med og skipa Ivar Aasen-sambandet. Han var med i det første styret og var seinare formann i mange år. Han hadde òg verv i Norsk Måldyrkingslag og i Norsk Bokreidingslag. I 1938 skreiv han Rette det som rengt er – eit ord til dei som hev Noregs mål kjært og i 1990 Reise det som velt er – um norrøn målbygnad og målbunad.
For arbeidet sitt med islandsk språk vart han i 1974 utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen, Hin íslenska fálkaorða, den høgaste islandske ordenen.
Kjelder
Jarle Bondevik: «Dei leksikografiske verki åt Eigil Lehmann», i Ole-Jørgen Johannessen og Oddvar Nes (red.): Folkemål, landsmål, bibelmål. Heidersskrift til Jarle Bondevik på 70-årsdagen 29. juni 2004. Øvre Ervik 2004
Jarle Bondevik: «Eigil Lehmann til minne», Dag og Tid 17.04.2009 
«Diktarprest og målkunstnar», Bergens Tidende 30.01.2007
«Diktarpresten er død», Bergens Tidende 01.04.2009
Ludvig Jerdal: «Prest, målkunstnar og vaktmann», Bergens Tidende 28.01.1997
Kristian Magnus Vikse: «Eigil Lehmann», Aftenposten 14.04.2009
Kristian Magnus Vikse: «Eigil Lehmann til minne», Vårt Land 20.04.2009
Den islandske falkeordenen, Hin íslenska fálkaorða: http://forseti.is/Falkaordan/  [lesedato 22.03.2010]
Lehmann, ein weblogg om Eigil Lehmann og hans opphav: http://www.lehmann.no/ [lesedato 22.03.2010]
 
Peikarar
Manuskriptet til Eigil Lehmanns hebraisk-nynorske ordliste finn du her:
http://www.bibel.no/lehmann

Først publisert: 22.03.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013