Hopp til innhold

Einar Lundeby

Einar Johannes Lundeby, språkforskar og professor. For ein generasjon av norskfilologar var han eit førebilete som formidlar.

Einar Lundeby var fødd i Spydeberg 3. oktober 1914, voks opp i Hobøl og døydde i Asker 7. mars 2011. Han var odelsgut, men valde ein akademisk livsveg. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1940, var lektor i den høgre skulen frå 1941, så lektor i norsk ved universiteta i Göteborg og Lund 1945–50 og sekretær for bokmål i Norsk språknemnd 1952–58.
Frå 1961 var han universitetslektor ved Universitetet i Oslo, frå 1967 dosent i nordisk språkvitskap og i 1971–84 professor same staden. Doktorgraden tok han i 1966 på avhandlinga Overbestemt substantiv i norsk og de andre nordiske språk.
Lundeby gav ut fleire lærebøker og ordlister, mellom anna Norsk språklære for svensker (1951), Språket vårt gjennom tidene (første utgåva 1956, saman med Ingvald Torvik), Norsk ordliste (første utgåva 1969) og Lexi. Nye ord, vanskelige ord, fremmedord (1973). Han skreiv om hobøldialekten i Hobølboka (1994) og skreiv studien Østfoldmål, utgitt av Østfold Mållag (1995). Nokre av dei vitskaplege arbeida hans er samla i festskriftet til 80-årsdagen i 1994.
Lundeby var medredaktør av tidsskriftet Maal og Minne 1967–95, formann for Den internasjonale sommerskole 1981–85 og medlem av Norsk språkråd 1980–87, der han skiftevis var formann og varaformann i fagnemnda. Han var medlem av Det Norske Vitskapsakademiet frå 1972.
Kjelder
Artiklar av Einar Lundeby i Språknytt 1981–2005
Bernt Fossestøl (red.): Festskrift til Einar Lundeby 3. oktober 1984. Oslo 1984
Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
Einar Lundeby: De norske lærernes kamp i 1942. Oslo 1992
Einar Lundeby: Norsk og nordisk. Femten studier i språkhistorie og språknormering. Festskrift på 80-årsdagen 3. oktober 1994, Redigert av Ernst Håkon Jahr og Geirr Wiggen. Oslo 1994
Einar Lundeby: Østfoldmål. Østfold Mållag, Gressvik 1995
Einar Lundeby: «'Ånd må vinna på troll til sist'», i Andreas Skartveit: Vi valgte det vi ikke kjente. Norske krigsdeltakere dengang og nå. Oslo 1995
Leif Mæhle, Einar Lundeby, Oddrun Grønvik (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987
Finn-Erik Vinje: «Einar Lundeby», minneord, Aftenposten 11.3.2011
Einar Vannebo: «Einar Lundeby», minneord, Aftenposten 18.3.2011
Årsmeldingar frå Norsk språknemnd og Norsk språkråd
Peikarar

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011