Hopp til innhold

Einar Olav Larsen

Einar Olav Larsen, folkemusikar og felespelar frå Verdal som vidarefører slåttespeltradisjonen etter Hilmar Alexandersen.

Einar Olav Larsen er fødd 9. mai 1979 og er oppvaksen i Verdal. Han har gått musikklinja på Inderøy vidaregåande skule (1995–98) og spelemannsskulen Ole Bull Akademiet (1998–2000). Larsen fekk mykje av si musikalske opplæring i slåttspelmiljøet heime i Innherred, og då særleg saman med felespelaren og komponisten Hilmar Alexandersen frå Steinkjer.

Larsen vann soloklassa under Landsfestivalen i gamaldansmusikk i 1998, og under Landskappleiken har han vunne B-klassa (1999 og 2000), og i gruppespel saman med broren, Gjermund Larsen (2000, 2001, 2002). Larsen vart den yngste i historia som vann A-klassa i Landskappleiken i 2002. Han har vore medlem i den finsk-norske folkemusikkgruppa Frigg (1999–2011), og han spelar i gamaldansorkesteret P.A. Røstads orkester (frå 1993), Einar Olav Larsen Trio (frå 2006) og To damer, To Herrer (frå 2012). Han har vore med på ei rekkje albuminnspelingar, til dømes Søttenpasningen saman med broren, Gjermund Larsen (2004), Fjellfiolen saman med P.A. Røstads orkester (2011) og Trønderbarokk saman med Gjermund Larsen og Trondheimssolistene (2014).

Larsen er ein allsidig felespelar. Han spelar både gamaldansmusikk og slåttemusikk, og saman med broren spelar han folkemusikk som leikar med andre musikalske sjangrar, mellom anna klassisk musikk og barokkmusikk. I 2004 fekk han Osa-prisen, han var vinnar av klassa «Årets nykomar» under Folkelarm i 2005, fekk Folkelarmprisen for plata Fjellfiolen i 2011 og Hilmar Alexandersens musikkpris same året.

Kjelder

Samtale med Einar Olav Larsen 22.11.2014

E-post frå Einar Olav Larsen 22.11.2014

«Larsen, Einar Olav», biografi, folkmusic.no: http://www.folkmusic.no/larsen-einar-olav.4646291-146044.html [lesedato 28.1.2015]

Peikarar

Nettstaden til Einar Olav Larsen

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 05.12.2017