Hopp til innhold
Eldrid Lunden. Foto: Aschehoug. Nytta etter avtale.
Eldrid Lunden. Foto: Aschehoug. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Eldrid Lunden

Eldrid Lunden, lyrikar og essayist og professor emerita i skjønnlitterær skrivekunst. Ho er ein modernistisk poet med særeiga stemme og ein av nestorane i norsk litteratur.

Eldrid Lunden er fødd 5. oktober 1940 og voks opp på eit småbruk i Naustdal, Sogn og Fjordane. Ho tok examen artium ved Voss landsgymnas 1961 og blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo 1973 med hovudfag i nordisk. Ho har arbeidd som lektor ved Ulsrud gymnas i Oslo og ved Volda lærarhøgskole. Frå 1981 var ho amanuensis ved det nystarta forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, og frå 1996 til 2011 var ho professor i skrivekunst der. Lunden har vore medredaktør av det nordiske tidsskriftet Café Existens, og var i 1967–68 medlem av redaksjonen i det litterære tidsskriftet Profil.

Eldrid Lunden debuterte som lyrikar med f.eks. juli og gav mellom 1968 og 2005 ut ti diktsamlingar og to essaysamlingar. Trilogien Inneringa, 1975, hard,mjuk, 1976, og Mammy, blue, 1977, er eit høgdepunkt i forfattarskapen.

Lunden har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, mellom anna Nynorsk litteraturpris i 1982 for Gjenkjennelsen, Alfred Andersson-Ryssts fond i 1984, Dobloug-prisen frå Svenska Akademien i 1988, Aschehougprisen i 1992, Brages heiderspris i 2000 og Halldis Moren Vesaas-prisen i 2007. Lunden var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 1994. I 2016 vart Lunden utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.

Ny standard i poesien

Eldrid Lunden er ein profilert og nyskapande poet i moderne norsk lyrikk. Ho skriv knapt og tilbakehaldande, nedtona og presise dikt som er tette, men likevel opne poetiske uttrykk. Naturoppleving, tankar, sansing og refleksjon og minne smeltar saman og blir ein måte å tenkje og erkjenne på. Poesien hennar kan lesast som ei form for utprøvande og fragmentarisk refleksjon.
 
Det poetiske uttrykket er under utvikling og utprøving gjennom heile forfattarskapen, og i Flokken og skuggen, 2005, fornyar og bearbeider ho tematikken omkring forholdet mellom sansing, tenking og språk.  

Ei eiga stemme

I dei første fire samlingane dreier det seg mellom anna om å finne identitet og stemme. Det etablerte språket er eit maktmiddel som styrer og definerer og sementerer. Det gjeld for poeten å skrive seg or dette, bli eit eige subjekt og gjere seg synleg i språket.
 
Dikta set ord på dei elementa som dannar språkleg og skapande identitet, sansing av landskap, barndom og familierelasjonar, minne og gløymsle, indre kriser og eigne eksisensielle val. I Gjenkjennelsen, 1982, er engasjementet ope feministisk, og det dreier seg om korleis sjølve språket sementerer stereotypiar om kjønna.
 
Lunden er ein lærd og intellektuell poet. I Det omvendt avhengige, 1989, er tekstane filosofiske og inspirerte av moderne språkteori, psykoanalyse og dekonstruksjon. Dikta er samstundes forankra i kropp og sansing.

Dialogisk

Dikta kan ha innslag av fakta og forteljande element og går ofte i dialog med andre tekstar. I Noen må ha vore her før, 1990, går ho inn i andre sine bøker og samtaler med tradisjonen. Det poetiske uttrykket er ein del av ein historisk samtale om identitet, sjølvforståing og felles erfaringar.
 
Det intertekstuelle innslaget i Slik sett, 1996, er ein dialog med Ibsen fletta inn i ein tematikk om å sjå og bli sett. I Til stades. Tekstar om erindring og gløymsle, 2000, skriv ho dikt og kortprosa med utgangspunkt i refleksjonar på reiser i middelhavslanda, om stader, bygningar og kunstverk og fortidige kulturar.

lkkje tid og rom som skiljer oss
Ikkje evna vår til a vekke kvarandre tillive, men
den irrasjonelle heilskapen teksten og kroppen er
(something remains)

Eller som i ein litt gamaldags kriminalfilm, i det
vi nærmar oss neste årrusen, løfter ei kvinne den grå
telefonen mot øyra og seier: Thanks Tony
It does matter to me

Utdrag frå diktsamlinga Slik sett av Eldrid Lunden. Aschehoug 1996. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Suksessen

Eldrid Lunden er rekna for å vere ein vanskeleg og lukka poet, og posisjonen som lyrikar i nordisk toppklasse har kome gradvis. Diktsamlinga Flokken og skuggen fekk i 2005 store og positive oppslag i media som eit overtydande høgdepunkt i ein imponerande forfattarskap. Yngre kollegaer, som Hanne Aga og Liv Lundberg, har kommentert henne som favorittpoet og modell og forløpar.

Kjelder

Unni Langås: Dialog. Eldrid Lundens dikt 1968-2005. Oslo 2007 
«Eldrid Lundens blå bøker» i Sigrid Bø Grønstøl og Unni Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk. Oslo 2001, s. 222–252

Vidare lesing

Karlsen, Ole, red.: Store oskeflak av sol : om Paal-Helge Haugens og Eldrid Lundens forfatterskap, 1995
Langås, Unni: Dialog : Eldrid Lundens dikt 1968-2005, 2007
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 06.07.2009
Sist oppdatert: 02.08.2018