Hopp til innhold
Foto: KrFU
Foto: KrFU
X
Innhald

Elisabeth Løland

Elisabeth Løland, student, politikar og leiar av ungdomsorganisasjonen Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) 2010–13

Elisabeth Løland er fødd 4. september 1984 i Oslo og voks opp i Fet kommune i Akershus. Ho gjekk på Tomb videregående skole i 2000–03 og tok bachelorgraden i europeiske og amerikanske studiar og statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2014. Ho har arbeidd i barnehage, som støttekontakt og som miljøarbeidar på ein institusjon for rusbehandling.

Løland har vore lokallagsleiar i Råde KrFU og nestleiar og seinare leiar i Østfold KrFU. Ho var medlem og seinare nestleiar i sentralstyret til Kristeleg Folkepartis Ungdom og leiar i KrFU i perioden 2010–13. Løland var fylkestingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti i Østfold i 2007–11. Ho er dessutan vald til sentralstyremedlem i Kristeleg Folkeparti for perioden 2013–15.
Kjernesakene hennar er utviklingspolitikk, kampen mot fattigdom og skule- og familiepolitikk, og ho meiner at ungdom er dei beste til å endre verda. Politisk høyrer ho til den liberale delen i KrF og arbeidde for å ta bort vedkjenningsparagrafen for tillitsvalde i partiet. Som leiar av ungdomspartiet har Løland bede Kristeleg Folkeparti seie ja til eit eventuelt regjeringssamarbeid med Framstegspartiet.
Kjelder
E-post frå Elisabeth Løland 19.6.2013
«– Ungdom er de beste til å forandre verden», intervju med Elisabeth Løland på nettavisen.no: http://www.nettavisen.no/nyheter/article3504418.ece [lesedato 14.6.2013]
Peikarar
«Dette mener ungdomspartiene», ung.no

Først publisert: 10.09.2013
Sist oppdatert: 18.02.2016