Hopp til innhold
Foto: Senterpartiet, Flickr.com CC BY
Foto: Senterpartiet, Flickr.com CC BY
X
Innhald

Erling Emil Laugsand

Erling Emil Laugsand er student, politikar og tidlegare leiar i Senterungdommen, ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet, sidan 2013.

Erling Laugsand er fødd 6. mars 1989 i Averøy i Møre og Romsdal. Han gjekk på Kristiansund videregående skole i 2005–08. No studerer han til sivilingeniør i industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim (frå 2008), men har for tida permisjon frå studiet for å vere leiar i Senterungdommen. I 2010–11 var han utvekslingsstudent i Storbritannia.
Laugsand har vore medlem av Senterungdommen sidan han var 14 år gamal og var leiar av Møre og Romsdal Senterungdom i 2004–06. Han var varamedlem i sentralstyret til Senterungdommen i 2009–12 og styremedlem i 2012–13. I perioden 2007–11 var han representant for Senterpartiet i Averøy kommunestyre.
Laugsand meiner at Senterungdommen og Senterpartiet må bestemme seg for kva saker ein skal leggje hovudvekta på framover, etter åtte år i regjering. Han vil arbeide for ein politikk med vekt på energi- og miljøsaker, samferdsel og næringspolitikk. Laugsand er imot norsk EU-medlemskap og er oppteken av ideologi og folkestyre. Han meiner at sentrum i norsk politikk må vere eit tydeleg alternativ for veljarane.
Kjelder
«Erling Laugsand som trainee i Senterpartiet», senterpartiet.no: http://www.senterpartiet.no/averoey/erling-laugsand-som-traine-i-senterpartiet-article70517-6163.html [lesedato 5.1.2014]
«– Jeg håper jeg blir like synlig som Sandra», intervju med Erling Laugsand, nettavisen.no, publisert 23.11.2013: http://www.nettavisen.no/politikk/article3715556.ece [lesedato 5.1.2014]
Peikarar

Først publisert: 31.03.2014
Sist oppdatert: 21.02.2017