Hopp til innhold

Erling Lægreid

Erling Lægreid, journalist og målpolitikar, arbeidde i NRK i 39 år, fornya radiojournalistikken med hard hand og glimt i auga, og var ein språkpolitisk bakmann som trudde meir på pengemakt enn snakk

Erling Lægreid var fødd i Årdal 5. september 1939 og døydde i Oslo 25. november 2011. Med examen artium frå Voss landsgymnas i 1958 blei han student og målpolitikar i Oslo, der han i 1965 tok norsk hovudfag med hovudoppgåve om det komiske og Ludvig Holberg. Lægreid utførte sivilteneste i barne- og ungdomspsykiatrien i hovudstaden, var frå 1967 lærar ved Forsøksgymnaset i Oslo og arbeidde i NRK 1970–2009.
Som medarbeidar i barne- og ungdomsavdelinga var han mellom anna programleiar i Ungdommens Radioavis og tv-ungdomsprogrammet Flimra. Her var han med på ei skarp fornying av radiojournalistikken. Den fornyinga førte han vidare som programleiar i Søndagsavisa. Frå 1990 var han med og utvikla Dagsnytt Atten og fekk med åra ein framskoten plass som huskommentator i desse programma.
Lægreid gjorde også mykje for å fornye og modernisere nynorsk journalistikk. 1959–1961 redigerte han studentmållagsavisa Apropos i Oslo. I 1964 blei han møtande varamedlem i styret for den nye vekeavisa Dag og Tid. Unnateke to år sat han i styret til 1989, det meste av tida som styreleiar. Draumen hans var ei avis prega av den franske intellektualismen som var førebiletet hans.
Saman med Magne Rommetveit og Hartvig Kiran skipa Lægreid Riksfondet for nynorsk presse i 1964. Innsamlingane gjennom dette fondet sikra drifta av Dag og Tid og mange andre nynorskaviser. Like til han døydde, var Lægreid drivkrafta i dette fondet som i hans tid samla inn om lag 10 millionar 2011-kroner. 
I 1963 var Lægreid sekretær for den nasjonale feiringa av 150-årsdagen til Ivar Aasen. To år seinare var han med og skipa bladet For Vietnam, utgitt av Solidaritetskomiteen for Vietnam. Lægreid var ein intellektuelt uavhengig, opposisjonell og eigenrådig observatør som aldri var med i noko politisk parti. Dette prega også dei fem bøkene han redigerte eller skreiv mellom 1986 og 2011. Flest lesarar fekk han med spalta «Lægreids livshistorier» i Dag og Tid frå 2009, som resulterte i boka Nærgåande skisser (2011).
Kjelder
Erling Lægreid, samtale 23.4.2010
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 01.08.2018