Hopp til innhold
X
Innhald

Ernest Orlando Lawrence

Ernest Orlando Lawrence, 1901–58, var norskætta amerikansk fysikar. Han konstruerte i 1931 den første syklotronen, ein akselerator for atomære partiklar. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1939. Lawrence bidrog også til utviklinga av lineærakseleratoren og andre store akseleratortypar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011