Hopp til innhold
X
Innhald

Espen Lind

Espen Lind, fødd 1971, er songar og låtskrivar, oppvaksen i Tromsø.

Lind debuterte på plate i 1995 under namnet Sway. I 1997 gav han ut albumet Red og gjorde suksess både nasjonalt og internasjonalt med det. Seinare kom albuma This is Pop Music (2000), April (2005) og Army of One (2008). Lind har fått tre Spellemannprisar, og i 2008 vart han Årets spellemann.
Lind har samarbeidd med ei rekkje andre artistar, mellom dei Sissel Kyrkjebø, og Kurt Nilsen. Saman med Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm gav han ut platene Hallelujah Live (2006) og Hallelujah Live Volume 2 (2009). Dei fire artistane var på fleire turnear og selde over 250 000 plater.

Lind arbeider også som musikkprodusent og har mellom anna produsert plata Liten Fuggel (2012)  for Vamp. Espen Lind driv produksjonsselskapet Espionage og har skrive fleire songar for internasjonale artistar, mellom dei hiten Irreplaceable for artisten Beyoncé.
Sjå videoen Unloved av og med Espen Lind:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 17.10.2013