Hopp til innhold
X
Innhald

Geir Lorentsen

Geir Johan Lorentsen, lektor, dirigent og lærebokforfattar. Han har vore nestleiar i Noregs Mållag.

Geir Lorentsen er fødd 17. februar 1945 i Trondheim. Han bur på Fannrem i Orkdal. Han gjekk lærarskule i Trondheim (1965–1967), før han tok eit mellomfag i musikk og hovudfag i nordisk ved Universitet i Trondheim (1974). Lorentsen skreiv hovudfagsoppgåva si om romanen Sibyllan av Pär Lagerkvist.
Lorentsen har arbeidd som lektor ved Adolf Øiens skole (1974–1976) og Orkdal vidaregåande skole (frå 1976). I tillegg har han arbeidd som kordirigent. Han var med og starta skulekoret ved Orkdal vidaregåande skole i 1979 og har dirigert dette koret samanhengande sidan. Han har òg vore dirigent for Trondhjems Mannskor (1971–1976), Orklang (2005–2011) og Lensvik blandakor (frå 2011).
Lorentsen har hatt tillitsverv på mange plan i målrørsla. Han har vore leiar for Orkdal Mållag og Trønderlaget. Frå 1980 til 1984 var han nestleiar i Noregs Mållag.
Som eit resultat av det store engasjementet for nynorsken hadde Lorentsen i 1984 hovudansvaret for boka Frå dialekt til nynorsk. Lærarmetodikk i nynorsk som sidemål. Dette er ei opplæringsbok og grammatikkbok, der Lorentsen får fram samanhengen mellom nynorsk skriftspråk og norske dialektar. Det er offisiell norsk språkpolitikk at norsk skriftspråk skal byggje på norsk tale, og eit viktig pedagogisk prinsipp for Lorentsen er derfor å begynne nynorskopplæringa med dialekten til elevane. Slik går ein i frå det kjende til det ukjende, og elevane får ei naturleg bevisstgjering av kva nynorsk skrift er. Fem andre lærarkollegaer ved Orkdal vidaregåande skole var òg med i arbeidet med boka.
Kjelder
E-post frå Geir Lorentsen 6.3.2012
Geir Lorentsen ofl.: Frå dialekt til nynorsk. Lærarmetodikk i nynorsk som sidemål. Oslo 1984
Catharina Morken: «Verdig finale», avisa-st.no: http://www.avisa-st.no/distriktet/orkdal/article247449.ece [lesedato 1.3.2012]

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 06.07.2012