Hopp til innhold

Geirr Lystrup

Geirr Lystrup, visesongar og forfattar, ein allsidig trubadur som har medverka til å fornye den norske visetradisjonen.

Geirr Lystrup er fødd i Vinje i Telemark 22. mars 1949. Han er son til presten og biletkunstnaren Sigmund Lystrup. Sidan 1983 er han busett i Brumunddal. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1968 og utdanna seg til lærar. Karrieren som visesongar byrja han i Vinje, der han voks opp. Han fekk avgjerande impulsar frå det sterke folkemusikkmiljøet i Telemark. Ti på taket og måltrostblues (1972) var debutplata hans, og med det markerte han seg innanfor den norske visebølgja i 1970-åra. Med instrumentalplata Strengleikar (1973) stod han fram som klassisk gitarist. I alt har han gitt ut nærmare tretti plater.

Fleire av plateutgivingane tek opp folke- og tradisjonsmusikk. På CD-en Ha ti dæ! (1983) dikta Lystrup nye tekstar til gamaldansmelodiar frå Gudbrandsdalen, eit resultat av eit samarbeid med folkemusikarar i Lom. Han har vore med i den nordiske folkemusikkgruppa Kvedar og har gitt ut folkeviser i bokform, Min Visebag. Folkeviser fra hele landet (1990).

Som visesongar har Lystrup spela inn fleire album saman med gruppa si, Godtfolk, mellom anna Egg & champagne (1988) og Sommar i september (1992). Han har skrive tekst til fem album med Per Oddvar Hildre og Det Norske Kammerkor. Han har òg samarbeidd med Henning Sommerro, SKRUK og Moskva Balalaika Quartet. I samband med hundreårjubileet for Tarjei Vesaas sette Lystrup melodi til tjue Vesaas-dikt. Han har spela inn album med songar av telemarkingane Halvor J. Sandsdalen og Sigmund Groven, Kom sol på alle mine berg (1981).

Lystrup har skrive fleire teaterstykke, dei fleste for barn, og har spela inn ei rekkje barneplater. Stykket Brakar og Joanna var Riksteateret si familieframsyning i samband med 50-årsjubileet i 1999. Radioversjonen vann Prix Nordica for beste radioprogram. Han har gitt ut fleire barneplater i samarbeid med hjelpeorganisasjonen FORUT, og han har hatt stor suksess med julekonserten Stjerna fra øst, som fortel juleevangeliet som eit nordisk vintereventyr til russiske folketonar. Dessutan har han skrive fleire barnebøker, den nyaste er Da bestefar ble ape (2018). Barnevisene har han gitt ut i den store Barnesangboka mi (2009). 270 av visene sine har han samla i Viseboka mi (2008). I dei seinare åra har han òg skrive salmar, som er gitt ut i Salmeboka mi (2010). Den nyaste CD-en hans er Lyden av Mjøsa (2017).

Geirr Lystrup er tildelt fleire prisar, mellom anna Prøysenprisen i 1987 og Hedmark fylkeskommunes kulturpris i 2010. Han har fått Spellemannprisen fem gonger, mellom anna for tre av barneplatene sine, sist for Sangen om Yebo (2005).

Video: Geirr Lystrup: «Sofan paa hengern»

Kjelder

E-post frå Geirr Lystrup 10.12.2017

 

Benedicte Johansen: «Geirr Lystrup fant Gud i skuffen», Nationen 3.11.2010, nationen.no: http://www.nationen.no/tunmedia/geirr-lystrup-fant-gud-i-skuffen/ [lesedato 9.12.2017]

Sigbjørn Nedland: «Geirr Lystrup», Norsk biografisk leksikon (2009), publisert på nett: https://nbl.snl.no/Geirr_Lystrup [lesedato 9.12.2017]

Ida Svanes Ziener: «Vise-Norges kameleon», viser.no, publisert 5.5.210: https://viser.no/2010/geirr-lystrup/ [lesedato 9.12.2017]

Nettstaden til Geirr Lystrup, lystrup.no: http://www.lystrup.no [lesedato 9.12.2017]

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 07.03.2018