Hopp til innhold

Gjermund Larsen

Gjermund Larsen, komponist, folkemusikar og felespelar frå Verdal. Larsen utfordrar folkemusikktradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. Han har vunne fem spelemannsprisar i fire ulike kategoriar.

Gjermund Larsen er fødd 29. juli 1981 i Verdal, der han også bur. Han gjekk musikklina på Inderøy vidaregåande skule (1997–2000) og studerte folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss (2000–02). Han var den første i Noreg som tok diplomeksamen i folkemusikk på fele ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo (2008).

Under Landskappleiken i 2005 fekk han kongepokalen som beste utøvar på fele. Larsen har vore med i fleire folkemusikkgrupper, mellom anna i Majorstuen (2000–12) og finsk-norske Frigg (1999–2010). Han har òg spela mykje saman med broren, Einar Olav Larsen. I 2006 etablerte han Gjermund Larsen Trio saman med Andreas Utnem på piano og Sondre Meisfjord på bass. Som solist har Larsen spela saman med Det Norske Solistkor, Trondheimssolistene og Kringkastingsorkesteret.

Saman med broren Einar Olav albumdebuterte Gjermund Larsen i 2004 med Søttenpasningen. Han har gitt ut fem album. I tillegg er han mykje brukt som studiomusikar for andre artistar. Som komponist tek Larsen utgangspunkt i spelemannstradisjonen og slåttespelet i Innherred i Nord-Trøndelag. Han utfordrar og vidareutviklar denne tradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. I 2014 gav han ut albumet Trønderbarokk saman med broren og Trondheimssolistene, der han blandar slåttespelet i Innherred med barokkmusikk. Han har skrive tingingsverk til mellom anna Osafestivalen (2010) og Førdefestivalen (2012).

Larsen vann spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/gamaldans med Majorstuen i 2003 og med Gjermund Larsen Trio i 2008. I 2009 vann han spelemannsprisen med Bom Basker i kategorien barneplate, i 2010 med Trondheimssolistene i kategorien klassisk musikk og i 2014 med Einar Olav Larsen og Trondheimssolistene i kategorien folkemusikk. I 2010 vart han nominert til den amerikanske Grammy-prisen saman med Trondheimssolistene. Gjermund Larsen fekk kulturprisen for Verdal kommune i 2014.

Kjelder

Samtale med Gjermund Larsen 22.11.2014

E-post frå Gjermund Larsen 24.11.2014

Nettstaden til Gjermund Larsen, gjermundlarsen.com: http://www.gjermundlarsen.com/ [lesedato 24.11.2014]

«Gjermund Larsen», biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/gjermund_larsen-21835/ [lesedato 29.1.2015]

Peikarar

Nettstaden til Gjermund Larsen:

Først publisert: 24.08.2015
Sist oppdatert: 05.12.2017