Hopp til innhold
X
Innhald

Gregers Fougner Lundh

Gregers Fougner Lundh, den første professoren i økonomi i Noreg, men han hadde òg ei sterk interesse for språk og historie.

Gregers Fougner Lundh var fødd 15. mai 1776 på Fron i Oppland og døydde 11. juli 1836. Faren var prest. Lundh studerte andreeksamen og medisin ved Universitet i København. I 1807 kom han heim til Noreg og blei offiser i den norske hæren, etter at det engelske «flåteranet» i 1807 førte Danmark-Noreg inn i napoleonskrigane på fransk side. I 1814 var Lundh nær knytt til Christian Frederik og sjølvstedepartiet, før han om hausten fekk stilling ved det nye Universitetet i Kristiania, der han i 1822 blei professor i økonomi. Lundh var elles aktiv i Selskabet for Norges Vel og mellom anna sentral i opprettinga av Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie (1833–39).
I 1807 skreiv Lundh eit upublisert notat der han spurde: «Hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog?» I notatet, som truleg skulle bli nytta i ei form for «minidisputas» eller akademisk øving for nokre medstudentar, drøfta Lundh også korleis ein kunne gå fram for å få eit skriftspråk i Noreg. Lundh meinte at utarbeiding av ei «fuldstændig Ordbog» var ein nøkkel i så måte, og han skreiv mellom anna: «En Mand med de fornødne Kundskaber og Mod måtte fremstaae og bryde Isen.»
Kjelder
Anton Andresen: Nytte, dannelse, vitenskap? Universitetet og økonomifaget i det nye Norge 1811–1840. Universitetet i Oslo 2005
Jens Johan Hyvik: «Fougner Lundh og det norske språket før 1814», Mål og makt nr. 3–4/2008
Gregers Fougner Lundh: Ny Samling af norske Ord og Talemaader, 1806–1808. Med et anhang (i serien «Skrifter frå norsk målførearkiv», ved Sigurd Kolsrud). Oslo 1954


Sist oppdatert: 09.02.2012