Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav (Fredrik) Lorentzen

Gustav (Fredrik) Lorentzen, 1947–2010, var visesongar, -diktar, -komponist og moromann. Saman med Øystein Dolmen (f. 1947) danna han viseduoen Knutsen og Ludvigsen i 1966. Lorentzen og Dolmen har gitt ut ei rekkje plater og bøker, og dei har vore å høyre som barnetimefigurar i radio og fjernsyn. Gustav Lorentzen fekk Spellemannprisen i 1987, 1990, 1992 og 1995, og saman med Dolmen i 1972 og 1983.
Sjå video: Knutsen og Ludvigsen med Hallo, Hallo

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013