Hopp til innhold
Foto: www.nobelprize.org
Foto: www.nobelprize.org
X
Innhald

Halldór Kiljan Laxness

Halldór Kiljan Laxness, 1902–98, var den største forfattaren på Island på 1900-talet.

Halldór Kiljan Laxness, 1902–98, er den største forfattaren på Island på 1900-talet. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1955 og Sonningprisen i 1969.
Laxness debuterte med romanen Barn nattúrunnar i 1919 (Naturens barn). Gjennombrotet kom med den eksperimenterande Vefarinn mikli frá Kasmír i 1927 (Den store veveren fra Kashmir) som med dei ideologiske drøftingane sette eit punktum for den katolske perioden hans.
Essaysamlinga Alþýðubókin (1929) representerer den beinharde debattanten på kommunismesida i politikken i 1930-åra, som òg skreiv reiseforteljingar frå Sovjet.
Deretter følgde dei store sosialrealistiske romanverka Salka Valka (1931–32), Sjálfstætt fólk (1934–35) (Frie menn), Heimsljós (1937–40) (Verdens lys) og den historisk-nasjonale Íslandsklukkan (1934–45) (Islands klokke). Atómstöðin (1948) (Land til salgs) kritiserer opprettinga av ein framand base på Island. Trass i emnevalet er skjønnlitteraturen til Laxness aldri utan humor og varme. Gerpla (1952) (Kjempeliv i nord) er ein sagatravesti med samtidskritikk.
Laxness bryt med stalinismen og held seg seinare i taoistisk ånd til meir personelege og nære emne: Kristnihald undir Jökli (1968) (Kristenrøkt under jøkulen), minneboka Skáldatími (1963) (Skaldetid), romanen Brekkukotsannáll (1957) (Liv og lagnad i Brekkukot). I tillegg har Laxness skrive mange noveller (mellom andre Sju segl i 1970), essay og skodespel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 03.01.2018