Hopp til innhold
   Halvard Lange, kong Olav og statsminister Einar Gerhardsen i 1957. Ukjend fotograf. kKelde: Oslo Museum. CC BY 3.0
Halvard Lange, kong Olav og statsminister Einar Gerhardsen i 1957. Ukjend fotograf. kKelde: Oslo Museum. CC BY 3.0
X
Innhald

Halvard Manthey Lange

Halvard Manthey Lange, 1902–70, var historikar, politikar for Ap og NSA, og son av Christian Lous Lange. Halvard Manthey Lange sat i konsentrasjonsleir under krigen. I 1946 vart han utanriksminister etter Trygve Lie, og han var statsråd fram til 1965, med unntak av tre veker i 1963 under regjeringa Lyng.
 
Som utanriksminister spela Lange ei historisk rolle då Noreg forlét den tradisjonelle nøytraliteten og brubyggingspolitikken frå etterkrigstida og frå 1949 vart med i det atlantiske samarbeidet i Atlanterhavspakta og Nato. Som politikar opparbeidde han seg ei sterk stilling i Nato, samtidig som han forsvarte den norske lågspenningspolitikken overfor Sovjetunionen. Lange var stortingsrepresentant mellom 1950 og 1969.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 28.01.2015