Hopp til innhold
Hege Haukeland Liadal. Foto: Stortinget.
Hege Haukeland Liadal. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Hege Haukeland Liadal

Hege Haukeland Liadal, politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland 2013–2017.

Hege Haukeland Liadal er fødd 29. november 1972 i Haugesund i Rogaland. Ho tok vidaregåande skule i 1988–91, deltidsstudium i personal og leiing ved BI i Stavanger i 2004–05 og er sertifisert coach gjennom konsulentselskapet Storform i 2006.

Ho arbeidde som reisekonsulent for Via Ferieverden i 1997–2000, var byråleiar i Star Tour i 2000–07 i Stavanger og faglærar ved Norges Kreative Høyskole (no Høyskolen Kristiania) i Stavanger i 2002–09. I perioden 2007–10 var ho kundesentersjef ved Kolumbus (Rogaland Kollektivtrafikk FKF), deretter dagleg leiar i Adecco i Haugesund i 2010–12, prosjektkoordinator ved HKV (Haugaland Kunstverk) i 2012–13 og stortingsrepresentant frå 2013.

Haukeland Liadal har hatt verv i AUF i Rogaland, var medlem av kommunestyret og formannskapet i Haugesund for Arbeidarpartiet i 2011–13, var kandidat til varaordførarvervet i Haugesund ved valet i 2011 og blei vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland for perioden 2013–2017. Ho er medlem av familie- og kulturkomiteen. Politisk er Haukeland Liadal engasjert i kulturpolitikk og har mellom anna arbeidd for meir filmstøtte og å auke tilskotet til Haugalandsmuseene.

Ho har òg hatt ei rekkje andre verv, mellom anna som medlem av styret i Human-Etisk Forbund avd. Haugaland i 1988–90, meddommar i Stavanger tingrett 2002–09, i fylkesnemnda for sosiale saker i 2007–09 og i Gulating lagmannsrett i 2009–13. Frå 2009 til 2012 var ho nestleiar i Norsk Folkehjelp avd. Haugaland. Haukeland Liadal var òg medlem av styret for Troms Fylkestrafikk i 2011–15, er styreleiar for Rutebåten Utsira AS og medlem av styret i Norsk Bibliotekforening frå 2016.

Kjelder

Hege Haukeland Lidal, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HHLI [lesedato 6.2.2016]

Om Hege Haukeland Liadal på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/hege-haukeland-liadal-ba78b145/no [lesedato 6.2.2016]

Tett på 2012/13 – Hege Haukeland Liadal: http://arkiv.tvh.no/serier/tett-pa/episode/tett-pa-20122013-hege-haukeland-liadal [lesedato 6.2.2016]

Peikarar

Ronny S. Carlsson: «Hege Haukeland Liadal vant kampen om 3. plassen», h-avis.no

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 24.03.2017