Hopp til innhold
X
Innhald

Hendrik Antoon Lorentz

Hendrik Antoon Lorentz, 1853–1928, var nederlandsk fysikar. Han sette i 1895 fram hypotesen om at elektriske ladningar er knytte til partiklar, elektron, og at dette kunne brukast til å utleie likningane til Maxwell.
 
Lorentz fekk nobelprisen i fysikk i 1902 saman med P. Zeeman. I 1904 utleia han dei lorentzke transformasjonslikningane, som seinare fikk ein fundamental plass i relativitetsteorien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011