Hopp til innhold
X
Innhald

Ida Lindtveit

Ida Lindtveit, politikar og leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom sidan hausten 2015. KrFU er ungdomsorganisasjonen til Kristeleg Folkeparti.

Ida Lindtveit er fødd 3. desember 1992 og har vakse opp i Oppegård i Akershus. Ho tok vidaregåande skule i 2008–11, har ein bachelorgrad i europeiske studiar frå Universitetet i Oslo i 2014 og tok til med ein mastergrad i statsvitskap same staden i 2014.

I 2012 var ho praktikant i NHO Service, i 2013 var ho trainee i Kristeleg Folkeparti, og i 2014–15 arbeidde ho som politisk rådgivar for utdannings- og asylsaker i stortingsgruppa til Kristeleg Folkeparti.

Lindtveit var leiar av Akershus KrFU i 2011–12. Ho var sentralstyremedlem i Kristeleg Folkepartis Ungdom i 2012–13, deretter første nestleiar i KrFU i 2013–15, før ho blei vald til leiar av ungdomsorganisasjonen i 2015.

Lindtveit er kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i Oppegård i 2011–19. Ho er òg gruppeleiar for KrF i Oppegård kommunestyre.

Dei politiske hjartesakene hennar er den psykiske helsa til unge menneske, ein berekraftig velferdsstat og integrering av innvandrarar, og ho vil kjempe mot fattigdom i Noreg og resten av verda.

Ho var styremedlem i Kolbotn Idrettslag i 2010–12, og ho har vore aktiv i Europeisk Ungdom.

Video: Ida Lindtveit på KrFs landsmøte 9.5.2015

Kjelder

Ida Lindtveit på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/ida-lindtveit-61763a47 [lesedato 20.1.2015]

Hanna Skotheim: «På lørdag blir hun ny KrFU-leder», vl.no, publisert 16.10.2015: http://www.vl.no/nyhet/p%C3%A5-l%C3%B8rdag-blir-hun-ny-krfu-leder-1.421229 [lesedato 20.1.2015]

Peikarar

Carl Henrik Berge: «Ida Lindtveit er KrFUs nye leder», dagen.no, publisert 17.10.2015

Andrea Rygg Nøttveit: «Ser fram til å leia KrFU», framtida.no, publisert 21.9.2015

Bloggen til Ida Lindtveit

Først publisert: 02.11.2016
Sist oppdatert: 04.11.2016