Faktaboks

Idar Lind
Fødd
23. september 1954, Otterøy, Trøndelag
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Fisker Arthur Lind (1920–59) og Asbjørg Duna (1926–).

Gift 1981 med universitetsbibliotekar, sivilingeniør Tove Knutsen (2.4.1957–), datter av K. Jostein Knutsen (1926–) og Elisabeth Knutsen (1928–97).

Idar Lind.
Av /Samlaget.

Idar Lind er forfattar av romanar, krimbøker, sakprosa, fantasy, skodespel og visebøker. Han har skrive teksten til Vinsjan på kaia for trønderrockgruppa D.D.E.

Bakgrunn

Idar Lind er fødd på Otterøy utanfor Namsos i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han er utdanna cand.mag., med faga kjemi, biologi og drama/film/teater, frå Universitetet i Trondheim (no NTNU) (1977). Lind var organisasjonssekretær i Norsk Vise- og Lyrikkforum (1980–1981) og har elles livnært seg som forfattar.

Forfattarskapen

Han debuterte i 1980 med visesamlinga Bakfot bok på eige forlag. I 1983 kom den første romanen, Stengte dører. Lind har òg skrive mellom anna kriminallitteratur, ein fantasyserie for ungdom og eit oppslagsverket Norrøn mytologi frå A til Å kom i 2005. Lind har arbeidd med teater og skrive fleire skodespel. Han har òg skrive songtekstar for D.D.E. I 2011 kom dokumentaren Kvinnene i Rinnanbanden.

Kriminalitteratur

Det er med kriminalromanane Lind har utmerkt seg mest. Krimbøkene er samfunnskritiske, og samtidig parodierer og leiker han med krimsjangeren. Han har òg skrive krimbøker under pseudonymet Telma B.S. Hanssen. Dei tre bøkene Hotell Tordenskjold, Ormens gift og 13 takters blues er alle skrivne på nynorsk.

Handlinga er lagd til Trondheim, der hotellportier António Steen og politibetjent Breheim samarbeider om å løyse kriminalgåter der datateknologi er viktig for etterforskinga. Lind skildrar miljøet godt, intrigane er finurlege, og kvaliteten stig for kvar bok. Han fekk Rivertonprisen for 13 takters blues, der han òg nyttar musikkunnskapane sine.

Dei tre neste krimbøkene, To dråper blod (1993), Usynlige spor (1994) og Hysj (1996) blei gitt ut under pseudonymet Telma B.S. Hansen (og António Steen som medforfattar av Hysj). Desse to er sentrale personar i bøkene. Telma B.S. Hansen er politietterforskar. Desse bøkene er skrivne på bokmål, og Hysj var den første krimboka i Noreg som blei lagd ut på Internett.

Romanar

Debutromanen Stengte dører (1983) er ei generasjonsskildring, men med mange innslag frå kriminallitteraturen. Romanen De beste blandt dere (1992) tek opp miljøaktivisme i 1970-åra og samlivskriser i 1980-åra. Kark (2000) er ein historisk roman med handling frå Olav Tryggvasons tid, bygd på same materiale som Korsvikaspillet.

Lind har gitt ut Drakeblod, ein norrøn fantasyserie i tre delar (1988–91). Bøkene er Det kvite spydet (1988), Vegen til Åsgard (1990) og Den siste dronninga (1991). Handlinga er lagd til eit miljø og ei tid som liknar vikingtida, men med utgangspunkt i notida. I bøkene finn ein element frå norrøn mytologi, folketru, gudar og troll framstilt på ein måte som kan vere eit spegelbilete på notida.

Viser, drama og rocketekstar

I studietida i Trondheim og i tida etter var Lind engasjert i miljøvern, viseklubb, teater og i Studentersamfundet. I 1976–1980 var han medlem av visegruppa JeremiA/SBakfot, som han skreiv mange songtekstar til. Han har skrive sju UKE-revyar, var redaktør for studentavisa Under dusken (1976–77) og aktiv i Studentersamfundets Interne Teater (1977–1989). Saman med Gunnar Strøm gav Lind i 1986 ut jubileumsbokaVår egen lille verden – Studentersamfundet i Trondhjem 1910–1985.

Lind debuterte som dramatikarTrøndelag Teater med En mann må gjørra de'n må (1990), som han skreiv saman med Lasse Kolsrud og Petter Wiik. Framsyninga blei sett opp på Det Norske Teatret i 1992 og blei fjernsynsfilm i 1996. I 1991 var han ansvarleg for manuskriptet til teaterstykket Gjengen eller ingen.

Lind har skrive mange av tekstane til gruppa D.D.E. Vinsjan på kaia (1993) var med på debutplata til trønderrockgruppa og gjorde stor suksess. Han har òg skrive tekstar på Gluntans Tvers igjennom (1994).

Anna engasjement

Han starta og dreiv nettsida Litteraturnettet (1995–2006) og fullførte Spelhandboka.no (2003) saman med Ingeborg Eliassen og Egil Johansen. Han var redaktør for bladet til Den Norske Forfatterforening (1988–1991) og styremedlem i Den Norske Forfatterforening (1994–2000), styremedlem i Tekstforfattarfondet (2002–2004) og styremedlem i NOPA (frå 2007). Han var òg varamedlem (2008—2011) og seinare styremedlem (frå 2013) i Kopinor.

Utmerkingar

Han fekk Naumdøla mållags målpris (1986), Rivertonprisen for 13 takters blues (1989) og Trondheim kommunes kulturpris (2004). Med Hotell Tordenskjold vann Lind Aschehougs krim- og spenningskonkurranse. Fleire av bøkene hans er omsette til dansk og russisk.

Bibliografi

  • Norrøn mytologi frå A til Å (Sakprosa, Samlaget, 2005)
  • Kark (Prosa, Samlaget, 2000)
  • Hysj (psev). (Roman, Samlaget, 1996)
  • Usynlige spor (psev). (Roman, Samlaget, 1994)
  • Som to dråper blod (psev). (Roman, Aschehoug, 1993)
  • En mann må gjørra de’n må. (Dramatikk, 1992)
  • De beste blandt dere. (Roman, Aschehoug, 1992)
  • Drakeblod – Den siste dronninga. (Ungdomsbok, Samlaget, 1991)
  • Drakeblod – Vegen til Åsgard. (Ungdomsbok, Aschehoug, 1990)
  • 13 takters blues (Roman, Aschehoug, 1989)
  • Drakeblod – Det kvite spydet. (Ungdomsbok, Samlaget, 1988)
  • Ormens gift. (Roman, Aschehoug, 1986)
  • Vår egen lille verden – Studentersamfundet i Trondhjem 1910-1985. (Sakprosa, 1986)
  • Hotell Tordenskjold. (Roman, Aschehoug, 1985)
  • Stengte dører. (Roman, Tiden, 1983)
  • Bakfot bok. (Salmer/sanger/viser, 1980)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg