Hopp til innhold
X
Innhald

Indra Lorentzen

Indra Lorentzen, fødd 1956, er dansar og koreograf. Lorentzen var knytt til Den Norske Opera i åra 1973–98. Ho gjorde ein rask karriere med store roller i både det klassiske og moderne repertoaret.
Hovudroller ho har hatt er mellom anna Sylfiden og Månerenen (Cullberg), Kitri i Don Quixote og Miranda i Stormen (Tetley). Lorentzen var i ein periode knytt til Cullberg-balletten, og seinare var ho med på å opprette Tigerstaden Danseteater i Oslo, der ho også koreograferte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2013
Sist oppdatert: 19.11.2013