Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Lorentzen

Ingrid Lorentzen, dansar og sjef for Nasjonalballetten. Lorentzen har dansa ei rekkje klassiske og moderne solistroller og har også spelt i teater og film.

Ingrid Lorentzen, fødd 1972, er dansar, utdanna ved Statens balletthøgskule, men har også studert dans i Sverige, New York og Paris. Ho har dansa med Nasjonalballetten, i NRK og i utlandet.
 
Lorentzen vann den norske konkurransen for unge dansarar i EBU i 1991 og dette markerte starten på ei lang karriere. Ho har vore solist ved Nasjonalballetten frå 2000 og har dansa klassiske roller som Odette i Svanesjøen, men også moderne koreografiar av mellom anna Jiří Kylián og Lightfoot.
 
Ingrid Lorentzen hadde også ei rolle i oppsetjinga Nett no på Det Norske Teatret (2002) og Ein tanke slo meg her om dagen (2008), ei framsyning om Olav H. Hauge.

Lorentzen har spela fleire roller også i teater og film.
 
Ho er noverande ballettsjef ved Nasjonalballetten frå 2011 og er medlem av Kulturrådet.
 
Ingrid Lorentzen fekk Dansekritikarprisen i 2001 for tolkinga av Palace of Stone og Telenor sin kulturpris i 2004.
 
Sjå Ingrid Lorentzen i Kjersti Alvbergs koreografi Journey of dreamt Ocean:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.10.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013