Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Ivar Lykke

Ivar Lykke, politikar. Statsminister og formann i Høgre, stortingspresident.

Ivar Lykke vart fødd 9. januar 1872 i Trondheim og døydde 6. desember 1949.
 
I februar 1926 valde den første regjeringa Mowinckel å gå av  fordi Høgre/Frisinna Venstre og Bondepartiet kvar for seg la fram forslag om sterkare innstramming i økonomien, og fordi Arbeidarpartiet fremja generell mistillit til regjeringa.  I sum ga dette fleirtal mot regjeringa sitt budsjett, sjølv om endringane frå Høgre/Frisinna Venstre og Bondepartiet ikkje var store.
Nansen som statsminister?
Lysta til å halde fram var vel heller ikkje så stor hos Mowinckel, og Høgre hadde ikkje stor lyst til å ta over regjeringsansvaret i denne tida. Dermed dukka det opp nærast som troll av øskje eit forslag om å skipe ei samlingsregjering «over partia» og «uavhengig av særinteresser». Denne regjeringa skulle ha berre ein programpost og det var gjenreising av statsfinansane. Regjeringa skulle leiast av Fridtjof Nansen.
Det var særleg frå næringslivshald og ikkje minst frå redaktør Rolf Thommesen i Tidens Tegn at denne tanken vart lansert. Høgre kunne difor vanskeleg stille seg heilt avvisande, men skepsisen var stor, og det viste seg at det ikkje ville vere fleirtal for ei slik regjering i Stortinget.
 C. J. Hambro, den seinare høgreleiaren, var direkte avvisande. Han var ikkje villig til å godta «hvilken som helst skiløper» på statsministertaburetten. Den same Hambro utdjupa kva krav ei bør stille til ein statsminister i ein artikkel i Ukens Revy i 1926, men krava er aktuelle den dag i dag: «Gir det nogen nævneverdig grad av styrke at ha en regjering av «sterke mænd»? (…)Det er ikke typen Nansen politiken har bruk for. Det er typen Lincoln. Det er den mand som er ett med det almindelige, men som ved sin karakters fasthet og likelinjethet, som ved sin sjæls kjærlige tålmodighet gir det preg av det overordentlige».
Det er kloke ord. Hambro tenkte kanskje på seg sjølv. Han ville nok ha blitt ein god statsminister, men vart det aldri. I staden vart det stortingspresident og Høgre-formann Ivar Lykke som i samarbeid med Frisinna Venstre skipa regjering etter Mowinckel.
Motvillig statsminister
Lykke hadde vegra seg mot å bli regjeringssjef då Otto B. Halvorsen døydde i 1923, og han var motvillig denne gongen også. Han hadde også vore motvillig til å ta over som partileiar etter Otto B. Halvorsen, men måtte gi seg til slutt, og sat som Høgre-formann fram til 1928.
Han hadde også nekta å la seg renominere i Trondheim, men vart utsett for press og ga seg. Som Rolf Danielsen skriv i bind 2 av «Høyres historie»: «Der finnes en særegen type svakhet som gjerne går sammen med elskverdighet og som kan komme til uttrykk i manglende evne til å fastholde nei under press. Kanskje var denne svakheten en del av Lykkes vesen?»
Statsminister vart han i alle fall. Høgre hadde tydelegvis større tru på leiareigenskapane hans enn han hadde sjølv. Det viste seg nokså raskt at Lykke si eigenvurdering var rett. Som politikar var han sakleg og på alle måtar ryddig og samvitsfull, men det var lite flukt og lite fantasi over han. Det var plikta snarare enn visjonen og lysta til å utrette noko som dreiv han. 
Kjøpmann
Ivar Lykke vart fødd i Trondheim. Far hans var grossist og kjøpmann og det skulle Ivar også bli. Han fekk ei grundig utdanning i kjøpmannskap og forretningsdrift ved eit handelsinstitutt i England og gjennom studieopphald i Frankrike og Tyskland.
Han gjekk inn i farens firma frå 1892 og vart medeigar frå 1901 og eineeigar frå 1910 til 1918. Då vart firmaet aksjeselskap. Han var med i bystyret i Trondheim frå 1905 til 1915. Ivar Lykke var ein omgjengeleg mann og fekk etter kvart stor tillit i Høgre-gruppa på Stortinget.
Nedskjeringar
Då han vart utnemnd til statsminister 5. mars 1926 hadde han ei formidabel oppgåve framfor seg. Han skulle gjennomføre ein kraftig nedskjeringspolitikk, slik som Høgre hadde kjempa for. Det parlamentariske grunnlaget for regjeringa Lykke var også noko betre enn for regjeringa Mowinckel, og i mange saker ville det vere mogeleg å få til ein allianse med Bondepartiet, som ville ha gitt fleirtal.
Nettopp ein allianse med Bondepartiet hadde vore eit mål for Høgre i fleire år. Likevel skjedde det lite. Regjeringa trekte ikkje Mowinckel-regjeringa sitt budsjettforslag attende, slik det var venta, men valde å styre med eit budsjett som Høgre meinte  var for lite stramt. Det vakte sterke reaksjonar utover landet. Krava kom om at statsminister Lykke no måtte stå fram og dokumentere regjeringa si vilje til å sanere i statens utgifter. Det vart hevda at statsministeren framstod som om han bad om orsaking for at regjeringa eksisterte.
I ettertid er det ikkje vanskeleg å sjå at så stor sanering av statens finansar som det Høgre hadde sett seg som mål, ikkje var mogeleg å gjennomføre på kort sikt. Det ville ha gått ut over saker som stortingsrepresentantane brann for og som dei hadde lova veljarane å gjennomføre.
Som finansminister Fredrik Konow i Lykke-regjeringa uttrykte det: «Hele Stortinget forlanger sparsomhet, men ingen vil spare selv». Alt frå starten av fekk denne regjeringa mykje negativ omtale. Ein som skreiv mykje negativt om Lykke var redaktør Rolf Thommesen i Tidens Tegn.
Avskjed
Etter at Nansen-alternativet hadde blitt forkasta, vart Thommesen ein bitter motstandar av Lykke. Regjeringa hans var heller inga sterk regjering. Lykke sjølv var ingen sterk statsminister og rundt seg hadde han eit svakt og, med nokre få unntak, eit politisk B-prega lag. Det vart då også eit braknederlag for Høgre ved valet i 1927, ned frå 43 til 29 mandat, og Frisinna Venstre fall frå elleve til to mandat.
Straks Stortinget kom saman på nyåret 1928 leverte Ivar Lykke inn regjeringa sin søknad om avskjed, og 28. januar gjekk han av. Same året gjekk han også av som formann i Høgre, men på Stortinget sat han fram til 1946. I 1940 gjekk han inn i presidentskapet i Stortinget til erstatning for C. J. Hambro som skulle føre kampen vidare frå utlandet. Lykke hadde lang røynsle frå Presidentskapet og var ikkje noko unaturleg val. 
Bad kongen abdisere
Lykke var med på skrivet frå Stortingets presidentskap med oppmoding til kong Haakon om å abdisere og ei konstatering av  regjeringa Nygaardsvold ikkje lenger kunne godkjennast. Kongen svara som kjent gjennom ein tale i radio frå London eit klart nei til oppmodinga.
Etter krigen vart handlingane til Presidentskapet vurdert av ein granskingskommisjon. Presidentskapet vart kritisert av kommisjonen for handlemåten sin. Takka vere presidentskapet «var ikke Stortinget blitt noe nødanker i farens stund», heitte det. Presidentskapet vart også samrøystes kritisert under debatten i Odelstinget i 1948, men ein fann ikkje grunn til å reise riksrettstiltale.
Nyare historieforsking har då også kome til at kritikken mot presidentskapet under krigen og dei første etterkrigsåra var altfor hard i høve til det som faktisk skjedde.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013