Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Lothe (1881–1975)

Jakob Matias Lothe, lærar, politikar og målmann. Han sat på Stortinget i over 20 år for Venstre og vart lagtingspresident.

Jakob Lothe vart fødd 14. november 1881 i Gloppen (no Eid) og døydde same staden 17. juni 1975. Etter lærareksamen i Volda i 1901 og eit år som lærar i Leikanger og var han 1902–49 tilsett i Gloppen. Frå 1917 til 1938 var han framhaldsskuleslærar. 1922–23 gjekk han på Noregs Lærarhøgskule i Trondheim. Han tok over odelsgarden i 1915 og var fram til 1940 også gardbrukar.
Lothe var medlem av heradsstyret i Gloppen 1917–28 og var skulestyreformann 1912–29. Han hadde også mange andre verv. Han var leiar for Rosendalskommisjonen 1929–1935, sat i styret for Firda gymnas og stasrealskule 1930–1959, var medlem av styret for Nordfjord ungdomsskule 1923–1960  og var formann i Sogn og Fjordane Venstrelag 1930–1945. 
Frå 1925 til 1953 var Lothe stortingsrepresentant for Venstre, med unntak av åra 1928–30, då han var første vararepresentant. Han var i fleire periodar medlem av kyrkje- og skulekomiteen, som behandla dei store skulelovene i 1930-åra, og var òg formann i komiteen. Han arbeidde ihuga for å gi bygdeungdom betre utdanningskår. Han var òg medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen og var 1945–54 lagtingspresident.
Lothe var aktiv i avhaldsrørsla og målrørsla. Han sat i styret for Nordfjord fylke av Det Norske Totalavholdsselskap 1907–1912 og i styret for Firda Mållag 1918–1949. Han hadde eit kristent livssyn og var 1945–1948 medlem av Kyrkjeordningsnemnda, som under leiing av biskop Berggrav greidde ut organiseringa av Den norske kyrkja.
Lothe vart i 1946 heidra med Klostermedaljen frå Det Norske Totalavholdsselskap.
Kjelder
Karl Bakke (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1952
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1950
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
Torvald Øberg (red.): Hva livet har lært meg. (Kap. «Lagtingspresident Jakob Lothe»). Oslo 1959
Jakob Lothe: «Jakob Lothe». Norsk biografisk leksikon,
Jakob Mathias Antonson Lothe: Representanter og komiteer, stortinget.no:

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013