Hopp til innhold

Johannes Lavik (1856-1929)

Johannes Lavik, lærar, journalist, avisredaktør og målmann. Han grunnla og var første redaktøren i Gula Tidend. Lavik spela ei sentral rolle i målrørsla i oppbyggingsfasen, både regionalt og nasjonalt.

Johannes Lavik var fødd 1. februar 1856 i Eksingedalen og døydde 14. februar 1929 i Bergen. Etter å ha teke examen artium utvandra han i 1878 til USA, der han vart lærar på presteseminaret Augsburg i Minneapolis. Ei tid studerte han gresk og historie ved University of Minnesota, før han drog tilbake til Noreg i 1882. Han heldt fram med å studere språkfag ved Universitetet i Kristiania, og i studietida skreiv han i dei nynorske avisene Fedraheimen og Vestlandsposten. I 1886 vart han cand. mag., og i 1888–90 dreiv han saman med Paal Bergh ein privat høgskule på Voss, den såkalla Studentfabrikken.
I 1890 kom Lavik inn i avismiljøet i Bergen, først som medredaktør for Firda (Bergensutgåva) 1890–93, deretter som redaksjonssekretær i Bergens Tidende 1894–1904. I 1904 skipa Lavik Gula Tidend, som han redigerte fram til 1919. Han slutta då som redaktør etter å ha brote med Venstre på grunn av bondepolitikken til partiet, men heldt fram som utanrikskorrespondent og -redaktør til 1921. Seinare redigerte han Bondebladet (1921–28) og tidsskriftet Norrøna (1928–29).
Lavik var ein sentral figur i fleire av dei store målorganisasjonane. I 1896 var han med på å atterreise Vestmannalaget, og i 1904 var han med på å skipe Vestlandske Mållag, der han var leiar i 1912–19. Han fremja det formelle forslaget om å skipe Noregs Mållag i 1906, og han var styremedlem der i 1906–09, dei to første åra som nestformann.
Målsak, bondesak og norsk sjølvråderett var dei store sakene som Lavik engasjerte seg for. Fram mot unionsoppløysinga i 1905 gjekk han inn for ei kompromisslaus sjølvstendelinje, og han var kritisk til forliket i Karlstad. Seinare gjekk han sterkt inn for norsk overhøgd over både Svalbard og Grønland.
Kjelder
Olaf Allmenningen ofl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år. Bergen 1979
Eirik Hirth: «Johannes Lavik»,  Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo 1957

Først publisert: 21.05.2010
Sist oppdatert: 13.05.2019