Faktaboks

Johannes Lid
Fødd
11. januar 1886, Voss, Vestland
Død
29. september 1971, Oslo
Verke
Botaniker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Ola Gitleson Lid (1859–1928) og Maria Josefsdotter Bjørgum (1855–1941).

Gift 1936 med tegner og forfatter Dagny Tande (1903–98; se Dagny Tande Lid).

Bror av Nils Lid (1890–1958).

Johannes Lid var botanikar og plantegeograf. Han var feltbotanikar i den beste meininga av ordet, og boka hans, Norsk flora, er utan samanlikning den mest brukte handboka om norsk planteliv.

Johannes Lid var fødd på Voss. Han var gift med Dagny Tande Lid og bror til folkeminnegranskaren Nils Lid og forfattaren Brita Lid. Han tok examen artium som privatist i Bergen i 1912 og vart cand.real. ved Universitet i Kristiania 1924 med ei hovudoppgåve om ei gruppe norske torvmoseartar (Sphagnum).

Frå 1919 var han tilsett som konservator ved Botanisk museum i Kristiania, frå 1948 som førstekonservator. Som botanikar gjorde han ein stor innsats med å granske og kartleggje den norske floraen, særleg plantelivet i fjellet og i nordlege område. Seinare fekk han interesse for floraen i sørlege område, og det største arbeidet la han ned på Kanariøyane. Ved sida av det faglege arbeidet var Lid ein føregangsmann i den norske målreisinga og la vinn på å nytte norske plantenamn. Han omsette fleire lærebøker til nynorsk og var i mange år styremedlem i Det Norske Samlaget.

Johannes Lid skreiv ei rekkje vitskaplege avhandlingar. Det mest kjende skriftlege arbeidet er den store Norsk flora (1944), med teikningar av kona hans, Dagny Tande Lid. Floraen kom seinare i fleire nye utgåver, i 1963 utvida til Norsk og svensk flora og seinare til også å ta med den finske floraen. Den sjette utgåva kom i 1994. I 1967 gav han ut ein stor flora over karplantar på Kanariøyane.

Han var redaktør for Nytt magasin for naturvidenskapene 1942–1951 og av Nytt magasin for botanikk 1952–1959.

Johannes Lid var æresmedlem i Norsk Botanisk Forening og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1945. I 1956 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull, og han var heiderslagsmann i Det Norske Samlaget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Løyning, Paul (1958): «Johannes Lid», Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo: Fonna Forlag
  • Sunding, Per (1971): «Johannes Lid, 1886–1971» (med bibliografi), Blyttia nr. 4/1971

Faktaboks

Johannes Lid
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036680007406

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg