Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

John Lyng

John Lyng, jurist og politikar. Den første norske statsministeren for ei borgarleg firepartiregjering.

John Lyng vart fødd 22.august 1905 i Trondheim og døydde 18.januar 1978.
Som aktor i Rinnan-saka i Trondheim i 1946 vart John Lyng ein av dei første store «kjendisane» i etterkrigstida. Heile landet følgde med i denne største og mest kompliserte straffesaka vi har hatt her i landet.
 Lyng reiste sak mot 30 personar, hovudpersonen sjølv, Oliver Rinnan og dei sentrale medhjelparane hans. Berre tiltalen mot Rinnan var delt opp i 50 hovudavsnitt. John Lyng hadde full oversikt over dette veldige materialet, dette «kaos av kriminalitet», som Johan Borgen kalla det, og sluttinnlegget hans i saka gjekk over fire dagar. Då hadde han berre stikkord og nokre få notat å halde seg til. I fem månader varte denne rettssaka. Rinnan sjølv og 11 medhjelparar vart dømde til døden, to vart seinare gitt nåde.
John Lyng har på ein meisterleg måte samanfatta denne saka i boka si, «Forræderiets epoke».
Flykta frå Noreg
Nettopp evna til systematisk tenking, det å skaffe seg oversyn over ei sak og evna til å planlegge bruken av tida si, vart ein nyttig eigenskap for John Lyng då han alt i 1945 vart innvald på Stortinget. John Lyng var ein av dei i den norske statsadministrasjonen i eksil i London som hadde planlagt det første etterkrigsvalet.
Han hadde drive med illegalt arbeid i Trondheim, der han før krigen hadde oppretta sakførarpraksis, og måtte flykte til Sverige i 1943. Etter ei kort tid der vart han sendt til London og arbeidde i Justisdepartementet. Der vart han også kjent med C. J. Hambro, og vart raskt oppteken i den indre krisen av høgrefolk som skulle kome til å dominere partiet etter krigen.
Ei søkande sjel
Det eigentlege namnet til John Lyng var ved dåpen Johan Daniel Fürstenberg Lyng, det same namnet som den mektige oldefaren hans, grunnleggaren av Lyng-dynastiet i Trondheim og den store handelsbedrifta som familien hadde. Alt som barn vart John Lyng ein kraftig motstandar av det lange namnet sitt, han vart erta for det, og han valde seg sitt eige korte namn, John Lyng. Ikkje vart han forretningsmann heller, slik tradisjonen i familien skulle tilseie.
I 1923 reiste han til Oslo for å studere jus, og i 1932 opna han eiga sakførarforretning i Trondheim. Der kom han inn i lokalpolitikken, men ikkje for Høgre. Hausten 1934 vart han nominert på lista til Frisinna Venstre. Då krigen kom sat han i bystyret i Trondheim for det partiet, eit parti som sto på gravens rand og som døydde med krigen. I studietida i Oslo hadde han eitt år vore innom det ultraradikale miljøet i Mot Dag, men det ville han ikkje høyre så mykje snakk om seinare. Den politiske ungdomstida hans vitnar om ei søkjande sjel, og det var han også resten av livet.
Tolmod
I ein artikkel i festskriftet til John Lyng sin 70-årsdag skriv Per Lønning, stortingskollega og seinare biskop, at John Lyng kunne med stor rett ha fått same tilnamnet som den store romerske hærførar i krigen mot Hannibal , Quintus Fabius Maximus. Han fekk tilnamnet «Cunctator» og det kan oversetjast ned «den som nøler». Han venta og hadde tolmod til å vente på det rette tidspunktet.
Han vart ein gong spurt om kva som var den viktigaste eigenskapen for ein politikar, og då svara han: «Det kreves tolmodighet og atter tolmodighet». Han hadde då også evna til å sjå langt fram.  Då tida var mogen, slo han til. Det gjorde også John Lyng i den prosessen som gjorde at han vart den første i norsk historie som vart statsminister for ei borgarleg firepartiregjering
Endra valordninga
I C.J. Hambro si tid som høgreleiar var noko slikt ikkje tenkjeleg. Han kunne ikkje forestille seg at Venstre ville bryte med det råd Gunnar Knudsen ga sine etterfølgjarar i Venstre i 1919. Då sa han at dersom Venstre skulle inngå i eit samarbeid så måtte det vere i retning venstre. Ein koalisjon til høgre burde ikkje Venstre delta i. I heile mellomkrigstida prøvde Hambro å få til eit samarbeid med Joh. Ludw. Mowinckel om ei breiare koalisjonsregjering, men utan å lykkast.
Hambro hadde derfor gitt opp, men Lyng ville prøve, og den nye generasjonen høgrepolitikarar som kom på Stortinget etter krigen, med Sjur Lindebrække i spissen, innsåg etter kvart at skulle ein bryte Arbeidarpartiets maktmonopol, så måtte det etablerast eit realistisk alternativ. Tidleg i 1950-åra tok John Lyng til å arbeide for det.
Eit heilt avgjerande middel var å endre valordninga. Ved valet i 1949 hadde Arbeidarpartiet fått 85 av dei 150 mandata, mens dei borgarlege partia hadde fått berre 65, og det endå dei borgarlege partia samla hadde nesten 40 000 fleire stemmer. Det var den såkalla «bondeparagrafen» som måtte opphevast. Byane og landdistrikta var kvar sine valdistrikt, og det var grunnlovsfesta at landdistrikta skulle ha to tredjedelar av mandata på Stortinget. I si tid vart ordninga innført for å sikre at dei relativt små byane skulle få fleire mandat enn dei etter folketalet skulle ha hatt, men no hadde byane blitt store og skilnaden i folketal mellom by og land var omlag 2:1 Dermed vart paragrafen grovt diskriminerande for byane.
John Lyng inngjekk eit kompromiss med Arbeidarpartiet om å avskaffe bondeparagrafen mot at Ap gjekk med på å endre det første delingstalet ved mandatfordelinga frå 1,5 til 1,4. Det siste ville vere til fordel for dei mindre partia. Avstemminga var ein thriller, men Lyng fekk med seg 13 frå Høgre, fire frå Venstre og ein frå KrF, og saman med heile Ap-gruppa vart det grunnlovsmessig fleirtal. Henry Valen har rekna ut at med bondeparagrafen intakt ville Arbeidarpartiet ha fått reint fleirtal ved alle val fram til 1969.
Motstandar av dødsstraff
Dei første to periodane sine på Stortinget engasjerte John Lyng seg særleg i saker som handla om statens aukande makt over borgarane. Han hadde særleg kompetanse i debatten om rettsoppgjeret etter krigen, og meinte det var altfor stort lagt opp. Det var feil å nytte omgrepet «landssvikar» på ein som berre var NS-medlem under krigen, meinte han. Alt i 1948 gjekk han mot bruken av dødsstraff. Også under drøftinga av beredskapslovene i 1950, sto Lyng i spissen for å få fjerna dei mest ekstreme og udemokratiske paragrafane. Det same var tilfelle med dei omstridde prislovene.
Eit kjenneteikn ved John Lyng desse to første stortingsperiodane var at han brydde seg lite om detaljane, den vanlege kvardagspolitikken, men han konsentrerte seg om store og prinsipielle saker med langsiktige konsekvensar. Av natur var han heller lat, men fordi han var så systematisk, fekk han gjort mykje.
Av bakgrunn som jurist og dommar kjende han seg mest knytt til embetsmannstradisjonen i Høgre. Dei som representerte næringslivssida og økonomane hadde han ikkje noko spesielt godt forhold til. Han hadde få nære venner på Stortinget, av natur var han reservert overfor andre menneske, og likte seg nok betre saman med distriktsrepresentantane enn saman med partitoppane.
Ut av tinget
I 1953 gjekk han ut av Stortinget for å bli lagmann i Agder. Alt i 1951 hadde han blitt utnemnd i dette embetet og familien hadde flytta inn i embetsbustaden i Skien. Han var lei av å vere i stendig opposisjon, og med små utsikter til eit maktskifte. Han sa nokså klart og tydeleg at han aldri meir ville bli stortingsrepresentant. Men den danske statsministeren, Hans Hedtoft, sa til han at det er med parlamentarikarar som med straffangar. Dei har ikkje lett for å sleppe ut att. «Har man først spist av blikkfatet, går man i stadig fare for å få tilbakefall!»
Tilbakefall fekk då også Lyng. Han godtok å stille ved valet i 1957. Denne gang på sikker plass frå Akershus. Han blir vald til parlamentarisk leiar for Høgre i mai 1958, og no gjekk han for alvor i gang med det store prosjektet sitt: å skape eit realistisk borgarleg regjeringsalternativ.
Ein ny kurs
Det første som skjedde var at dei tre sentrumspartia, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Bondepartiet, prøvde å skape samarbeid i sentrum. Ikkje minst Bondepartiet som i 1959 skifte namn til Senterpartiet, ivra for det. Venstre på si side var i ferd med å omvurdere Gunnar Knudsen sin gamle strategi. No måtte partiet støtte eit sentrumssamarbeid, varsla Venstre-høvdingen Bent Røiseland på landsmøtet i 1960, eller så ville han gå av. Han fekk så vidt fleirtal for samarbeid.
John Lyng valde som parlamentarisk leiar å legge om Høgre sin politiske kurs inn mot sentrum for på den måten å gjere det lettare for sentrumspartia å velje ei brei løysing. Eit særleg godt forhold fekk han til Røiseland. Også mellom Arbeidarpartiet og dei borgarlege partia var avstanden blitt mindre.
Ei sentrumsløysing viste seg raskt urealistisk. Dei tre partia ville dessutan ikkje ha realistisk håp om fleirtal åleine. John Lyng greidde til slutt å overtale både Senterparti-leiaren Per Borten, Venstre-leiaren Bent Røiseland og KrF-leiaren Einar Hareide om at eit breiare samarbeid ville vere det beste, men så kom første runde i EEC-striden i 1961 og 1962, og det gjorde eit breitt borgarleg samarbeid urealistisk.
I 1963 la den franske presidenten Charles de Gaulle ned veto mot britisk medlemskap, og dermed var saka ute av også den norske debatten nokre år framover. I 1961 hadde Arbeidarpartiet mist det reine fleirtalet sitt, og sjansen for å felle regjeringa vart noko meir realistisk.
Våren 1963 dukka den såkalla Bakkane-saka opp. Justisminister Jens Haugland hadde utnemnd ein Ap-mann som ny sjef på Politihøgskolen endå det var andre søkjarar som var betre kvalifisert. Det vart framsett mistillitsforslag. Dei to SF-representantane stemte imot og berga regjeringa, men alle dei borgarlege partia stemte samla for.
Kings Bay
Så melde dei første store industrisakene seg etter tur. Partileiarane på borgarleg side drøfta spørsmålet om å ha ein regjeringsberedskap i tilfelle det skulle bli krise. Røiseland meinte ei Høgre-regjering med støtte frå dei andre var det mest naturlege, men andre i Venstre var på glid i retning av å støtte ei fireparti-regjering. Då Kings Bay-saka dukka opp sommaren 1963 var alle fire partia samde om at dersom det no vart krise, så burde dei skipe ei brei borgarleg regjering. Ikkje minst tilliten til Lyng gjorde dette mogeleg.
Den fire dagar lange Kings Bay-debatten i Stortinget enda med at også Finn Gustavsen og Asbjørn Holm frå SF støtta eit mistillitsframlegg mot regjeringa, og regjeringa Gerhardsen måtte gå. Gustavsen og Holm vart utsette for eit enormt press i retning av at dei ikkje måtte felle ei Ap-regjering, men dei ga seg ikkje.
John Lyng heldt seg litt i bakgrunnen under debatten. Han var talar nummer 31, men då han gjekk på talarstolen visste alle at no var det den komande statsministeren som hadde ordet.
Debatten er ein av dei mest dramatiske i nyare norsk historie. Etter 28 år med Ap-styre skulle det no skje eit maktskifte. Lyng hadde budd seg på det som kunne kome, og det gjekk overraskande greitt å bli samde med dei andre partia om talet på og fordelinga av statsrådpostar.
Mykje var avklart på førehand. Lyng prøvde å få både Borten og Røiseland med i regjeringa, men ingen av dei ville. Alle visste at denne regjeringa ikkje ville bli sitjande lenge. SF varsla vilje til å felle den nye regjeringa ved første høve. Levetida var difor avhengig av Arbeidarpartiet. Landsstyret i partiet vart innkalla og gjekk inn for felling snarast råd. Berre nokre få av medlemene ønskte å gi regjeringa meir tid.
Om ein er etterpåklok hadde det opplagt vore lurt å la denne første borgarlege regjeringa etter krigen få sitje noko lenger. Hadde ho eksistert fram til statsbudsjettet vart lagt fram, ville ein høgst truleg ha fått fram usemje i regjeringskollegiet. Slik gjekk det altså ikkje.
Eit politisk tidsskilje
Regjeringa Lyng vart utnemnd den 28. august 1963 og sat fram til 25. september. Ho vart felt på den regjeringsfråsegna som vart lagt fram. Akkurat denne hadde dei fire partia jobba svært mykje med. Fråsegna skulle vere så samlande at ho kunne nyttast som ei felles politisk plattform for eit borgarleg regjeringsalternativ ved stortingsvalet i 1965.
Den nye regjeringa var sjølvsagt ein sensasjon. Det var butikkar som heldt stengt på grunn av glede, og det strøymde på med gratulasjonar. Andre igjen frykta det verste, både av trygda skulle forsvinne og at samfunnet skulle gå i stå. John Lyng vart sjølvsagt hylla, og det likte han, men samstundes var han så blyg av natur at han kjende seg uvel av virak omkring sin eigen person.
Lyng-regjeringa var med sin knappe månad ved makta for ein fotnote å rekne om ein tenkjer på det regjeringa rakk å utføre. Symbolverdien var derimot enorm. På same måten som den endå kortare Hornsrud-regjeringa i 1928 viste at Arbeidarpartiet kunne nå fram gjennom den parlamentariske vegen, så viste Lyng-regjeringa at den ikkje-sosialistiske sida kunne få makt om partia sto saman. Sjølv ikkje Gerhardsen var uslåeleg. I ein slik samanheng vart Lyng-regjeringa eit politisk tidsskilje.
Eit borgarleg tilsig
Då Gerhardsen på nytt skipa regjering er det mange som meiner det var ein ny taktisk tabbe av Arbeidarpartiet å legge politikken sin lenger mot venstre. Tanken var sjølvsagt å demme opp for SF ved det komande stortingsvalet i 1965, men resultatet vart at dei borgarlege partia fekk tilsig frå Ap og vann valet i 1965. SF kom inn att med sine to, men meir enn dobla stemmetalet, og Arbeidarpartiet tapte seks. Resultatet vart borgarleg fleirtal på Stortinget for første gang etter krigen, og det var klart for ei ny firepartiregjering.
Mens det i 1963 gjekk greitt å få sett saman ei firepartiregjering, skulle det bli vesentleg vanskelegare i 1965. Både Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti hadde sterke krav om å få statsministeren. Høgre ville ha Lyng på nytt. Lyng sjølv var i tvil om han ville. I 1964 hadde han blitt fylkesmann i Oslo og Akershus, han var ute av Stortinget. Dessutan kjende han nok på at noko av ambisjonen var borte. Han hadde nådd målet sitt i 1963, han hadde vore statsminister og fått til ei borgarleg regjering. I 1965 ville han helst bli utanriksminister.
Lyngs eigen kandidat til statsministerposten var Venstres Bent Røiseland. Senterpartiet ville ha Borten og Kristeleg Folkepartis primære krav var at Kjell Bondevik skulle bli kyrkje- og undervisningsminister. Det kunne ikkje Venstre godta, men Senterpartiet sa ja mot at KrF støtta Borten. Til sjuande og sist vart det Høgre-gruppa som avgjorde, og i den gruppa var det ein aksjon på gang til støtte for Borten og bak John Lyngs rygg. Dei mørkeblå røysta for Borten og dei lyseblå for Røiseland. Borten vann med 20 stemmer. Røiseland fekk 10.
Einar Gerhardsen skreiv etterpå at det var koalisjonens store feil at ein ikkje valde Lyng til statsminister den gongen. Utfallet ville nok ha blitt det same når EEC-saka pressa på, men regjeringa hadde nok blitt styrt med fastare hand og fått ei verdigare avslutning om Lyng sat ved roret.
Regjeringa Borten gjekk svært bra dei første fire åra, men så tok det til å knake. I mai 1970 trakk Lyng seg ut av regjeringa. Han såg nok då kva veg det bar. Han hadde dessutan 25 år bak seg i politikken og var gått lei. Han fann det også svært lite tilfredsstillande å vere vitne til den måten Per Borten leiar regjeringa på. I Lars Roar Langslets biografi «John Lyng Samarbeidets arkitekt», siterer han frå eit Lyng-notat der det står: «Jeg tillot meg en gang å si til ham (Borten) at jeg ikke hadde opplevet make til møteledelse, i alle fall ikke siden jeg som 12-årig speidergutt hadde vært med på møtene i Hauke-patruljen i Trondhjem. Borten mottok denne opplysning med stor sinnsro, han var visst selv ganske klar over sin originalitet i så måte.»  Lyng ga seg mens leiken var god.
John Lyng vart ein av dei mest spennande utanriksministrane Noreg har hatt. Hallvard Lange hadde styrt utanrikspolitikken sidan krigen. Kursen frå Lange si tid var det brei semje om, men han såg eit stort behov for å mjuke opp stilen og også nokre av posisjonane. John Lyng, som først og fremst hadde markert seg som innanrikspolitikar, tok mål av seg til å leie utanrikspolitikken på ein heilt annan måte enn det som hadde vore vanleg under Lange, og han satsa på brei kontaktflate også til Arbeidarpartiet.
Nyorientering
Den første store utanrikspolitiske talen hans i Stortinget var imøtesett med forventning, og det vakte oppsikt blant pressefolka at han gjekk på talarstolen utan manuskript og heldt ein times langt foredrag som stemte på ein prikk med det manus som journalistane hadde fått utlevert på førehand. Lyng hadde attpåtil skrive manuset sjølv på si eiga skrivemaskin. Det hadde ikkje skjedd sidan Kohts dagar i departementet. Lange fekk som regel andre til å skrive talane sine.
John Lyngs handicap som utanriksminister var at han var dårleg i engelsk, og det tok han privatundervisning for å rette på, men god vart han aldri. Det trønderske tonefallet slo igjennom, og russen i Trondheim gjorde framlegg om at han måtte skaffe seg eit «Lyngnaphonekurs». Ein gong han sat saman med medarbeidaren sin, Thorvald Stoltenberg, og høyrde på Per Borten som heldt tale på engelsk, sa Lyng: «Har du merket deg at trøndersk nu er blitt et verdenssprog?»
Han prøvde seg med ei varsam nyorientering i norsk politikk overfor Sovjetunionen, han var kritisk til amerikanarane si framferd i Vietnam, og dreiv ei tid med god hjelp av ambassadør Ole Aalgård ei slags meklarverksemd i den konflikten. Mest kritikk for si utanrikspolitiske line fekk Lyng i eige parti. Det hadde han nok rekna med. Han var mykje ute og reiste og fekk difor i for liten grad høve til å delta i den politiske prosessen utanfor det som no var hans eige fagfelt. Det tapte regjeringa på, men Lyng ville det nok slik sjølv. Innanrikspolitikken var han ferdig med.
Etter at han gjekk av skreiv han tre glitrande memoarbøker. Den siste vart gitt ut etter at han døydde av kreft 18. januar 1978.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 12.03.2012
Sist oppdatert: 28.08.2019