Hopp til innhold
 Jonas Lie. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket,  blds01108.
Jonas Lie. Ukjend fotograf. Nasjonalbiblioteket, blds01108.
X
Innhald

Jonas Lie (1833–1908)

Jonas Lie, 1833–1908, var forfattar, sakførar og busett i Paris frå 1882 til 1907. 

Han var nyskapande som romanforfattar, og debuterte med Den fremsynte i 1870, der ramma er nordnorsk naturmystikk og folkelivsskildring. I dei neste romanane er handlinga lagd til sjølivet, som i Lodsen og hans Hustru frå 1874.
 
Meisterverket Familien på Gilje frå 1883 er ei levande kulturhistorisk skildring av ei lita fjellbygd, prega av ei personleg, impresjonistisk form, der den karakteristiske detaljen spelar ei sentral rolle. Både her og i Kommandørens Døtre frå 1886 står kvinneskildringa sentralt.
 
Dei umedvitne kreftene er motivet i Onde Magter frå 1890, og i Trold frå 1891–92 tek han for seg eventyret, driftene, det umedvitne og mystiske, som han konfronterer med psykologisk innsikt. I seinare romanar får den individualpsykologiske djupneboringa og formeksperimenta større plass.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 25.10.2019