Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland, skulemann og politikar. Han var første norske utanriksminister, og opptatt av språkpolitikk. Løvland var statsminister først i Sverige, og seinare etter unionsoppløysinga statsminister i Noreg.  

Jørgen Løvland var fødd 3. februar 1848 i Evje i Setesdal og døydde i Kristiania 21. august 1922. Jørgen Løvland kom frå jamt velståande bondefolk i Setesdal. Både onkelen hans og onkelen til mora hadde vore stortingsrepresentantar, og Jørgen Løvland sjølv var tremenning til og jamaldring med ein annan sørlending som skulle bli ein stor politikar, Gunnar Knudsen. Det vart diskutert mykje politikk i familien, og det var Ueland og seinare Jaabæk som var heltane der i garden. 

Heilt frå barndomen hadde Løvland ein brennande lesehug. Presten i heimbygda la merkje til guten og tenkte å få han til den lærde skulen i Kristiansand, men det vart for dyrt. 16 år gamal reiste han i staden til seminaret - lærarskulen - på Holt. Det tok han på berre eitt år, og gjekk ut med utmerking i 1865. Året etter tok han til som lærar i Kristiansand, og der var han til 1878. Då vart han rektor ved den nye amtsskulen i Nedenes, ei stilling han hadde til 1884. I alle desse åra som lærar nytta Løvland all si fritid til å lære meir. Han studerte språk på eiga hand og han grov seg ned i norsk historie.

«Hadde eg visst like mykje som Jørgen Løvland, ville eg ikkje ha fått utretta det slag», sa Christian Michelsen. Truleg hadde det ikkje blitt norsk lausriving frå unionen i 1905 dersom det hadde vore Jørgen Løvland og ikkje Christian Michelsen som hadde styrt skuta. Der Michelsen handla først og tenkte på konsekvensane etterpå, opererte Løvland på den stikk motsette måten. Han tenkte og tenkte og vurderte konsekvensane.  Eigentleg er det rart at dei to gjekk så pass godt i hop, men dei hadde gjensidig stor respekt for kvarandre. Løvland var eit levande leksikon og Michelsen eit handlingsmenneske som var avhengig av andres kunnskap.

Jørgen Løvland vart ikkje berre den første utanriksministeren i Noreg. Han vart også den første statsministeren utan akademisk utdanning. Bortsett frå eittårig lærarutdanning var han sjølvlært, og han studerte heile livet. Han kunne både meir historie og meir språk enn dei fleste i samtida si. Det vart sagt om han at han hadde klisterhjerne, men han hadde også intelligens. Heile livet kunne han kome med ordrette sitat frå dei skulebøkene han hadde terpa på då han som barn var gjetargut i Setesdalsheiene. Også det han las seinare kunne han hugse, og han kunne sitere lange avsnitt frå framandspråklege bøker han hadde lese. Årstal og hendingar sat også spikra, og naturleg nok nytta Michelsen han som kunnskapskjelde.

Nomadane i Venstre

I riksrettsåret 1884 vart han redaktør av Christiansands Stiftsavis. Det ga han eit namn i Kristiansand, og ved valet i 1885 vart han vald til Stortinget for Venstre. I den indre striden i partiet i åra framover sto Løvland klart på politiske lina til den fløya som vart kalla Reine Venstre, men han hadde vondt for å akseptere kløyvinga i partiet, og saman med Otto Blehr var han difor leiar for den gruppa som vandra litt mellom begge leirane. denne gruppa vart kalla «nomadane».  Også i unionspolitikken høyrde han til aktivistane. Utover i 1890-åra var det unionspolitikk og samferdselspolitikk, særleg jarnbaneutbygging og telefonutbygging, som interesserte han, og han kjempa for Setesdalsbana, mens Michelsen kjempa for Bergensbana. Dei vann fram begge to.

Unionspolitikken

I unionspolitikken var Løvland blant «haukane» i Venstre. Han ville ta kampen med svenskane med ein gong. Han var også ein ivrig tilhengar av eit sterkt forsvar, og såg ein naturleg samanheng mellom dette og det faktum at han var ein av dei sterkaste talsmennene på Stortinget for fredssaka. Det siste gjorde at han vart med i Stortingets nobelkomite frå starten av og han var med og delte ut fredsprisen så lenge han levde, altså i over 20 år. Han kom med i Johs. Steen si regjering i 1897, og vart arbeidsminister. Eitt år, 1899 -1900, var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Det skulle gi nytting innsikt til då han fekk same jobben i Michelsen si regjering. Han nytta opphaldet i den svenske hovudstaden til å lære seg fransk og til å studere svensk politisk historie. Sommaren 1900 kom han heim att og vart arbeidsminister fram til Steen gjekk av, og same posten hadde han i Blehr si første regjering.

Sjølv om han hadde 20 års virke i norsk toppolitikk bak seg før 1905, var det likevel det året som kom til å gi Jørgen Løvland ein viktig plass i norsk historie. Løvland var ein av dei første Michelsen vende seg til då han fekk i oppdrag å skipe regjering i mars 1905. Løvland aksepterte den vanskelege statsministerposten i Stockholm, han skulle sitje nærast i «løvens hule» og ha nærkontakta med kongen. Det var nettopp hans kjennskap til Sverige og til kongen som vart utslagsgivande, og det var Løvland som på vegner av regjeringa førte tingingar med kongen og kronprinsen. Ein statsrådkollega av han ved avdelinga i Stockholm, Edvard Hagerup Bull, fortel at Løvland kvar sundag under opphaldet i Stockholm, gjekk til fransk messe. Språket hadde han lært seg sist han var i den svenske hovudstaden, men no sat han i kyrkja og lærde gloser og uttale. Hagerup Bull stiller spørsmålet om Løvland her øvde seg i fransk med ein komande utanriksministerpost som mål? Utanriksminister vart han då også, og det fall på han å bygge opp den norske utanrikstenesta frå grunnen av.

Utanriksminister

Den 7. juni 1905, som ein del av lausrivingspakken, vart Utanriksavdelinga i Handelsdepartementet skilt ut, og det var denne som vart grunnvollen i det nye Utanriksdepartementet. Frå same dag var Løvland sjef, og året etter vart Utanriksdepartementet som organisasjon oppretta. Litt seinare vart dei første norske diplomatane utnemnde. Bjørnstjerne Bjørnson tala sterkt mot at Noreg skulle ha eiga utanriksteneste. Han meinte at den beste utanrikspolitikken er «ingen udenrikspolitik at have». Det hadde då også vore Noregs offisielle line sidan midten av 1890-åra, men i 1905 utforma Jørgen Løvland det som skulle bli grunnlaget for norsk utanrikspolitikk i lang tid framover, den såkalla Løvland-doktrinen: «Oppgåva må vere å halde oss utanfor deltaking i dei kombinasjonar og alliansar som kan drage oss inn i krigseventyr med nokon av dei europeiske krigarstatane».

Kongedøme

I yngre år var Løvland republikanar, men i 1905 kjempa han for kongedøme. Han varsla til og med i Stortinget at regjeringa ville gå av dersom dei i folkerøystinga skulle bli fleirtal for republikk. Dette fekk den seinare Venstre-høvdingen og republikanaren, Gunnar Knudsen, til å gå ut av Michelsen-regjeringa. Det var også Løvland som utifrå si store historiske interesse, gjorde framlegg om at prins Carl burde ta namnet Haakon og at sonen burde få namnet Olav.

Tåkefyrsten

Ein av dei politiske motstandarane til både Michelsen og Løvland, Johan Castberg, kalla Løvland «den største kompromissmakaren i landet». Det å finne eit felles multiplum var viktig for han. Han var sanningssøkjande, granskande og vurderande, og desse eigenskapane gjorde han til ein romsleg politikar, fri for partifanatisme. Betre enn kanskje nokon annan i si samtid hadde han evna til å sjå sakene også frå motstandarane sin synsvinkel. Nettopp tvisynet hans gjorde det vanskeleg for han å ta standpunkt. «Han kunne vere eldrande snartenkt, men han var alltid sein til å døme i ei sak», skriv Halvdan Koht. Han ville gjerne «rulle sakene i hovudet både to og tre gongar». Talane hans vart difor nokså omstendelege, der han trekte dei store linene. Motstandarane hans kalla han for «tåkefyrsten». Den seinare statsminister Abraham Berge sa om han: «Om Løvland så fik en under Øret, så vilde han ikke slå igjen. Han vilde sætte sig og spekulere over Aarsagen til Ørefiken».

Statsminister

Då Michelsen trekte seg som statsminister 28. oktober 1907 som følgje av helseproblem, insisterte Michelsen på at Løvland måtte ta over som regjeringssjef. I utgangspunktet ville ikkje Løvland det, men bøygde seg til slutt, av lojalitet til Michelsen. Å ta over etter den folkekjære Michelsen var inga lett oppgåve.  Det hadde etter valet i 1906, som var eit vonbrot for Samlingspartiet, vorte klart at regjeringa Michelsen sat på nåde. Det kom også regjeringa Løvland til å gjere, og Jørgen Løvland sa til statsrådane då han spurte dei om å bli med i regjeringa hans, at det truleg ikkje kom til å bli eit langvarig oppdrag.

Då regjeringa skulle sende nyttårshelsing til Michelsen i 1908, var det ein spøkefugl som gjorde framlegg om å nytte dei dødsmerkte gladiatorane si helsing: «Ave Caesa, morituri te salutant!» (Hill deg keisar, dei som er vigde til døden helsar deg).  Jørgen Løvlands første og einaste regjering vart då heller inga langvarig regjering og ei sterk regjering vart ho heller ikkje. Når Michelsen var borte, ramla samlingspolitikken saman, og Løvland prøvde å få regjeringa si godkjend som ei Venstreregjering. Det gjekk ikkje. Den nye Venstre-leiaren, Gunnar Knudsen, reiste eit piggtrådgjerde mellom partiet og Løvland-regjeringa. Det skjedde då Knudsen og Johan Castberg på nyåret i 1908 gjekk saman om å løyse opp Stortingets Venstreforening og i staden skipa Det konsoliderte Venstre. I det Venstre var det ikkje plass for dei som sat i regjeringa. I trontaledebatten i mars 1908 vart det klart at både Venstre og sosialistane kvar for seg ville røyste mot regjeringa, og dermed utgjere eit negativt fleirtal. Det var lettare å felle Løvland enn det ville ha vore å ha felt Michelsen. 19. mars gjekk Løvland av, og ba kongen vende seg til Gunnar Knudsen. Løvland og Knudsen var på det tidspunktet 60 år gamle, dei var tremenningar, men ikkje spesielt gode vennar, og Knudsen hadde stilt spørsmål ved om Løvland i det heile tatt burde ha blitt statsminister.

Målmannen

Like før nyttår same året kunne avisene fortelje at Jørgen Løvland i jula hadde vore på besøk hos statsminister Gunnar Knudsen på godset hans, Borgestad. Løvland hadde heile tida hevda at han var venstremann og at det var for Venstre han ville drive politikk. I nokre år framover sto han utanfor rikspolitikken. Han arbeidde i tolletaten i Oslo, og vart i 1910 utnemnd til tollkasserar, men ved sidan av dreiv han framleis politikk og no var det først og fremst språkpolitikk han var oppteken av. I januar 1909 vart han vald til formann i Noregs Mållag, og same året heldt han den første talen sin på nynorsk.

Då han på nytt vart innvald i Stortinget i 1913, gjekk den gamle mannen over til å nytte nynorsk både i tale og skrift. Han var så oppteken av at også språket måtte få sitt «7.juni-vedtak». Med andre ord at det norske språket måtte lausrivast frå dansk. «Fornorskingskravet» hans gjekk visstnok så langt i Michelsen-regjeringa at han reiste framlegg om at ein burde skifte namn på Karl Johans gate.

Han vart raskt tilgitt i Venstre, og då Gunnar Knudsen i 1913 skipa den andre regjeringa si, ønskte han primært å få Jørgen Løvland som utanriksminister. Dette vart det ikkje noko av. Løvland sjølv ønskte å bli stortingspresident, ikkje minst med tanke på å kunne representere og tale ved den store markeringa av grunnlovsjubileet i 1914. Han vart då også den første nynorske stortingspresidenten.

Rettskrivingsnemnda

I oktober 1915 kom han likevel inn i Knudsens regjering, og denne gongen som kyrkje- og undervisningsminister. Igjen var det språksaka som lokka, og det vart sagt om han at han gjorde departementet om til eit kulturdepartement. I 1916 sette han ned ei ny rettskrivingsnemnd, og ga denne i oppdrag å få til ei tilnærming mellom nynorsk og bokmål. I 1917 var utgreiinga ferdig, og same året sende Løvland ut vedtaket om den nye rettskrivinga. Ein storm reiste seg både frå riksmålssida og frå dei nynorskfolka som ville halde på Aasen-normalen.

I 1918 fekk også Løvland gjennomført ei fornorsking av det norske namneverket, slik at m.a. fylka og bispedømma fekk att sine gamle norske namn, t.d. Bjørgvin, Nidaros og Hålogaland. Også dette skapte storm, og det er liten tvil om at desse sakene i tillegg til at Venstre hadde programfesta brennevinsforbod, medverka til at partiet gjekk kraftig tilbake ved valet i 1918, og at det nesten vart utan mandat i byane. Løvland sat som kyrkje- og undervisningsminister fram til regjeringa Gunnar Knudsen gjekk av sommaren 1920. Då var både Løvland og Knudsen 72 år gamle. To år seinare, den 21. august 1922, døydde Jørgen Løvland i Kristiania.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 14.03.2012
Sist oppdatert: 30.01.2018