Josef G. Larssen
Josef Gornitzka Larssen var frå Rogaland og budde på Austlandet størstedelen av livet. Likevel vart han kjend som ein av dei store diktarane av viser frå kystmiljøet i Hordaland.
Josef G. Larssen var fødd 23. november 1918 i Stavanger og døydde 5. desember 2014, 96 år gamal. I oppveksten flytta han og familien til Skudeneshavn, og han budde òg i Danmark og på Jæren, før han i 1948 til slutt slo seg ned på Austlandet.
Larssen, som var utdanna agronom, byrja tidleg å skrive songtekstar, mellom anna til revyar. Frå 1958 til 1988 arbeidde han som vaktmeister ved Noregs landbrukshøgskule på Ås, og der var han i ei årrekkje ein viktig bidragsytar til studentrevyane.
Mange kjenner tekstane til Larssen frå plateinnspelingar med artistar som Salhuskvintetten, Kari og Ivar Medaas og Stanley Jacobsen. I samarbeid med komponisten Monrad Holm Johnsen laga Larssen populære viser som «I morgon, i morgon», «Ver glad i den nasen du har» og «Da ska' bli andre boller når papen kjem heim til jul». Larssen, som hadde ei søster på Lindås, kjende kystkulturen i Hordaland godt, noko som viser att i tekstane hans. I visene skildrar Larssen kvardagsliv, kjærleik og lagnader i eit vestlandsk kystlandskap, der sjøen, vêret og årstidene ofte spelar ei viktig rolle.
Kjelder
Knut Langeland: Minneord i gravferda til Josef G. Larssen
Henrik Christie: «Her tar Ås farvel med visekunstner Josef G. Larssen», Ås avis 12.12.2014
Josef G. Larssen: I morgon, i morgon, men ikkje i dag. Stavanger 2005
Stian Slaatten Skistad og Håkon Sandberg Johansen: Ås-studenter i 150 år, bd. 2. Ås 2014
Peikarar
Randi Bjørlo: «– Har betydd mykje for strilekulturen», nordhordland.no, publisert 21.12.2014
Rockipedia: «Josef G. Larssen», rockipedia.no
Stanley Jacobsen: «I morgon, i morgon» (1976), med tekst av Josef G. Larssen, youtube.com
Sist oppdatert: 27.10.2020