Hopp til innhold

Karl Lyche

Karl Jacob Castrén Lyche, kringkastingsmann. Han var den første nynorske hallomannen i NRK.

Karl Jacob Castrén Lyche var fødd i Helsingfors 17. oktober 1903, voks opp i Vestre Slidre og døydde i Oslo 10. januar 1971. Han tok språkleg-historisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1932. Etter eit år som lærar ved Oslo Handelsgymnasium vart han i 1934 tilsett som den første nynorske hallomannen i NRK.
 
Då det hausten 1934 vart innført ei dagleg nyhendesending på nynorsk, tok Lyche også denne oppgåva. Og i 1937 gjekk han over til nyhendavdelinga som redaksjonssekretær. I juni 1940 vart han konstituert som sjef for avdelinga, men sa opp stillinga nokre månader seinare. Etter å ha sete arrestert av tyskarane ei tid kom han seg over til Storbritannia og arbeidde frå 1944 ved NRKs kontor i BBC.
 
Etter krigen vart Lyche leiar for nyhendeavdelinga i NRK, frå 1947 programredaktør, og frå 1966 sjef for utanlandstenesta. Saman med Arthur Klæbo og Hartvig Kiran, som òg byrja i NRK før krigen, vart han ein av nynorskveteranane i kringkastinga.
 
Lyche sat ei tid i styret i Norsk Måldyrkingslag. I 1964–67 var han medlem av Norsk språknemnd, oppnemnd av NRK.
 

Kjelder

Hans Fredrik Dahl: Dette er London. NRK i krig 1940–1945. Oslo 1978
Hans Fredrik Dahl: Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Arthur Klæbo: Radioliv med NRK i 50 år. Oslo 1983
Olav Midttun: Livsminne. Oslo 1971
Minneord i Aftenposten, 11.01.1971
Ottar Odland: År i NRK. Oslo 1996
«Vår første nynorske hallomann», Aftenposten 16.10.1953
 

Peikarar

NRK Radio: «Julestrid på havnen. Stemninger fra Oslo havn», sendt 21.12.1936, tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

NRK Radio: «Rapport ved Karl C. Lyche», om ein flytur frå Oslo til Marseille, sendt 13.6.1946, tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

NRK Radio: «Innslag til reportasje fra Slottsplassen. Ved Karl C. Lyche», sendt 7.6.1946, tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 22.02.2011
Sist oppdatert: 25.06.2019