Hopp til innhold
Kårstein Eidem Løvaas. Foto: Stortinget.
Kårstein Eidem Løvaas. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Kårstein Eidem Løvaas

Kårstein Eidem Løvaas, tidlegare programleiar og programsjef i P4, politikar og stortingsrepresentant for Høgre frå Vestfold sidan 2013.

Kårstein Eidem Løvaas er fødd 10. november 1967 i New Orleans i USA og voks opp i Sør-Odal i Hedmark. Han var elev ved Øvrebyen videregående skole i Kongsvinger i 1983–87, inkludert eit år ved Rutherford High School i Florida i 1985–86. Han tok befalskulen i Hæren i 1987–89 og studerte sosialøkonomi ved forvaltningslinja ved Universitetet i Lund i Sverige i 1989–93, men fullførte ikkje studiet.

Eidem Løvaas arbeidde deltid som salssjef ved marknadsavdelinga til Norges Blindeforbund i 1988–97, var programleiar i Z-radio i Sverige i 1991–94 og programleiar i P4 Radio Hele Norge i 1994–2013. Han var programsjef i P4 i 1998–99 og arbeidde som informasjonsrådgivar i Vestfold fylkeskommune i 2004–05. I 2013 blei han vald til stortingsrepresentant for Høgre frå Vestfold.

Han var styremedlem i Kongsvinger Unge Høgre i 1984–85 og styremedlem i Nøtterøy Høgre i 2005–07. I perioden 2007–11 var han medlem av kommunestyret i Nøtterøy og leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. På Stortinget er han medlem av familie- og kulturkomiteen, og han er mediepolitisk talsmann for Høgre.

Eidem Løvaas var leiar av Forsvarsforeningens ungdom i Kongsvinger i 1984–86 og leiar i Kongsvinger Riksmålsforening i 1985–87. Han var òg president i ANSA då han studerte ved Universitetet i Lund.

Kjelder

Kårstein Eidem Løvaas, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KAEL [lesedato 7.3.2016]

Peikarar

Marie Olaussen: «Høyre gikk for Kårstein», tb.no

Først publisert: 24.03.2017
Sist oppdatert: 24.03.2017