Hopp til innhold
X
Innhald

Kjellbjørg Lunde

Kjellbjørg Lunde, spesialpedagog, politikar og utdanningsdirektør.

Kjellbjørg Lunde er fødd i Naustdal i Sunnfjord 26. november 1944. Ho gjekk Stord lærarskule 1962–66, tok førsteavdeling i spesialpedagogikk i Bergen i 1972 og andreavdeling ved Statens spesiallærarhøgskole i 1975.
Lunde var lærar i grunnskulen på Stord 1966–68 og 1977–1978, lærar ved Sævarhagen skule for spesialundervisning 1968–1975 og vart i 1981 tilsett som høgskulelærar ved Stord lærarhøgskule, men hadde frå hausten same året permisjon som stortingsrepresentant. Frå 1997 har ho vore utdanningsdirektør i Hordaland.
Ho var medlem av Stord kommunestyre 1975–80 og hadde elles ymse kommunale verv. I fire periodar, frå 1981 til 1997, sat ho på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti. Ho var medlem mellom anna av Kommunal- og miljøvernkomiteen og Den utvida utanrikskomiteen, og var i to periodar delegat til FNs generalforsamling. I åra 1989–97 var ho parlamentarisk leiar. 1987–95 var ho nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.
Ho har òg hatt mange andre verv. 1976–1978 sat ho i styret for Norsk Spesiallærerlag, 1978–80 var ho leiar. 1998–2001 var ho medlem av Kringkastingsrådet, og var leiar 2002–2005. I 2007 vart ho utnemnd som leiar av Personvernkommisjonen.
Lunde er nynorskbrukar og sat i Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret 1982–1997, var styremedlem i stiftinga Det Norske Samlaget 1997–2002 og var leiar i styret for litteraturselskapet Det Norske Samlaget 1998–2001. I 2018  vart ho  heidersmedlem i Samlaget 
Kjelder
Frank Rossavik: SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011
Kjellbjørg Lunde, representanter og komiteer, Stortinget.no, http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KDL [lesedato 7.3.2012]

Først publisert: 07.03.2012
Sist oppdatert: 27.04.2018