Hopp til innhold
Knut Liestøl, ca. 1930–35. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum på Oslobilder.no (inventarnr. OB.F06176a) CC BY-SA 3.0.
Knut Liestøl, ca. 1930–35. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum på Oslobilder.no (inventarnr. OB.F06176a) CC BY-SA 3.0.
X
Innhald

Knut Liestøl

Knut Olavsson Liestøl, folkeminneprofessor som hadde folkeviser som spesialfelt, organisasjonsmann og politikar med sterk påverknad i kultur- og målpolitikken i mellomkrigstida og opphavsmann til fornorskingsordet «rikskringkasting».

Knut Liestøl var fødd i Åseral 13. november 1881 og døydde i Oslo 26. juni 1952. Han blei cand.philol. med engelsk hovudfag i 1908 og tilsett som dosent i landsmål ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1909. Doktoravhandlinga Norske trollvisor og norrøne sogor (1915) gjorde sitt til at Liestøl fekk professoratet i folkeminnevitskap ved UiO i 1917.
Liestøl var sentral i arbeidet med rettskrivingsreformene før siste verdskrigen, både som uavhengig, kunnig fagmann, som representant for nynorskinteressene i rettskrivingsnemndene og som ansvarleg statsråd for kyrkje- og undervisningsdepartementet. Liestøls høgnorske språksyn kom sterkare til syne i nynorsknormalen som blei fastsett i 1917, enn den meir samnorske normalen frå 1938.
Som kyrkjestatsråd (1933–35) arbeidde Liestøl mellom anna for at den nyskipa organisasjonen Norsk rikskringkasting skulle vere ein breitt fundert kulturinstitusjon som skulle spegle den norske språksituasjonen og ha ein tydeleg folkeopplysningsprofil.
Liestøl stod for skipinga av Norsk Folkeminnelag i 1920, var formann i Noregs Mållag (1925–26) og var elles med i styrearbeid i ei rad lag innanfor målrørsla og akademia.
Kjelder
Olav Bø: Knut Liestøl, Folketradisjon og kulturarv. Oslo 1988
Olav Midttun: Knut Liestøl, Mål og Menn. Oslo 1953
Hans Fredrik Dahl (red.): NRKs historie, bd. 1: Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975 
 
Peikarar

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 06.11.2018