Faktaboks

Kurt Lewin
Uttale
lˈe:vin el. levˈi:n
Fødd
9. september 1890, Mogilno, Provinsen Posen, Det tyske keiserrike
Død
12. februar 1947, Newtonville, Massachusetts, USA
Kurt Lewin

Kurt Lewin var en tysk-amerikansk psykolog. Fra 1926 var han professor ved universitetet i Berlin, og fra 1933 i USA.

Kurt Lewin var ein tysk-amerikansk psykolog. Frå 1926 var han professor ved universitetet i Berlin, og frå 1933 i USA.

Lewin hadde bakgrunn i gestaltpsykologien, men kom etter kvart til å forme ut si eiga nærståande retning, den såkalla felt-teorien. Lewin leverte viktige bidrag til forståing av blant anna motivasjon og psykologien til kjenslelivet og personlegdommen. For sosialpsykologien har han betydd særleg mykje, idet han blir betrakta som grunnleggjaren av moderne eksperimentell sosialpsykologi, blant anna gjennom studiane sine av gruppedynamikk.

Han var òg ein føregangsmann for praktisk bruk av psykologiske prinsipp, til dømes i arbeidslivet.

Av Lewins verk kan nemnast: A Dynamic Theory of Personality (1935) og Principles of Topological Psychology (1936).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg