Hopp til innhold
X
Innhald

Lao-Zi

Lao-Zi (filosofen Lao, visstnok eigentleg Li Po-yang), kinesisk filosof og religionslærar, etter tradisjonen fødd 604 f.Kr. Han grunnla taoismen som ved sida av buddhismen og læra til Kung-futse, er det tredje hovudelementet i kinesisk filosofi og religion. Tao te-king, det vanskeleg tilgjengelege hovudverket innafor taoismen, er tradisjonelt tillagt han.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012