Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Liestøl

Lars Knutson Liestøl, bonde frå Setesdal og statsråd, ein av initiativtakarane til jamstillingsvedtaket i 1885.

Lars Liestøl var fødd 13. juni 1839 i Åseral i Vest-Agder og døydde i Kristiansand 15. desember 1912. Av utdanning var han sjølvlært og hadde berre omgangsskule mellom fem og 14 dagar per år. Liestøl blei kontorist hos futen i Evje og Hornnes i 1856 og seinare utskiftingsassistent i Nedenes amt. I 1866 blei han lensmann, og i 1889–1902 var han ordførar i Bygland kommune i Setesdal. Han var varamann på Stortinget for faren Knut Liestøl i 1870 og fast stortingsrepresentant i periodane 1874–88, 1898–1903 og 1907–12 (vald inn året før periodane tok til). Han blei vald inn igjen for perioden 1913–15, men døydde i 1912, før han fekk tatt fatt på den tiande perioden sin. I 1888–89 var Liestøl statsråd i regjeringa til Johan Sverdrup.

 

Liestøl var venstremann og medlem av Bygland heradsstyre i 36 år. Ti gonger blei han vald til Stortinget. Han var medlem av justiskomiteen størsteparten av tida, og han var odelstingspresident frå 1906 til han døydde Liestøl blei målmann i midten av 1860-åra og var ein av dei store pionerane for målsaka. Som stortingsrepresentant var han ein av initiativtakarane til jamstillingsvedtaket i 1885, der dansk-norsk og landsmål, seinare bokmål og nynorsk, blei likestilte. I 1886 kom det første stortingsdokumentet på landsmål, underskrive av A. Qvam og Lars Liestøl.

 

Han arbeidde òg med den nye skulelova som kom i 1889. Denne lova gav dei lokale skulestyra løyve til å avgjere kva målform dei ville bruke i undervisninga. Bygland blei ein av dei to første kommunane i landet som innførte landsmål som administrasjonsspråk og opplæringsmål i skulen. Det skjedde i 1890.

 

Då Stortinget vedtok konsesjonslova i 1909, var Liestøl med i justiskomiteen. Han var folkeopplysningsmann og republikanar, og han kjempa for Setesdalsbana, ein god skule for alle, at husmennene skulle sleppe arbeidsplikta hos bøndene og for dei dårleg stilte i samfunnet. I 1889 blei han riddar av St. Olavs Orden.

 

Kjelder

Jostein Austlid: «Med omsut for dei små i samfunnet», Fædrelandsvennen 30.11.12

Om Lars Knutson Liestøl på Data for det politiske system, nsd.uib.no, sist oppdatert 15.12.2012: http://www.nsd.uib.no/polsys/index.cfm?urlname=&lan=&MenuItem=N1_2&ChildItem=&State=collapse&UttakNr=33&person=11836 [lesedato 25.4.2017]   

Om Lars Knutson Liestøl på Setesdalswiki, sist oppdatert 18.2.2017: https://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_Knutson_Liest%C3%B8l [lesedato 25.4.2017

Trine Skei Grande: «Venstremannen Lars Liestøl», artikkel i Setesdølen 2.10.12, publisert på venstre.no: https://www.venstre.no/artikkel/2012/10/04/venstremannen-lars-liestol/ [lesedato 3.12.2012]

 

Peikarar 

«Bygland heidrar Lars Liestøl»: http://www.moisund.com/2012/10...

Først publisert: 25.04.2017
Sist oppdatert: 25.04.2017