Hopp til innhold
Den finske forfattaren Leena Krohn under eit intervju med bokhandelen Pieni Kirjapuoti i Åbo i 2009. Bildet er lagt ut av bokhandlaren sjølv på Wikimedia Commons med lissensen e Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported
Den finske forfattaren Leena Krohn under eit intervju med bokhandelen Pieni Kirjapuoti i Åbo i 2009. Bildet er lagt ut av bokhandlaren sjølv på Wikimedia Commons med lissensen e Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported
X
Innhald

Leena Krohn

Leena Krohn, prislønt finsk forfattar som i diktinga si er oppteken av å framstille forholdet mellom natur og sivilisasjon og å prøve ut grensene mellom fantasi og røyndom.

Leena Krohn er fødd 28. februar 1947 i Helsingfors. I 1967 tok ho examen artium ved Helsingfors juridiska samskola. Deretter studerte ho finlandsk litteratur, psykologi og filosofi ved universitetet i Helsingfors. I perioden 1972–81 arbeidde ho som bibliotekamanuensis ved Institutionen för inhemsk litteratur. Frå 1981 har ho vore forfattar på heiltid.

 

Krohn debuterte i 1970 med barneromanen Den gröna revolutionen (omsett til svensk i 1972). I dei tidlegaste bøkene skriv ho kloke historier, tiltenkt lesarar i alle aldrar. Ho viser ein skepsis til forbrukarsamfunnet og meiner at mennesket bør leve i pakt med naturen. Romanen I menneskeklær (til norsk i 1979) fortel om venskap mellom ein einsam gutunge og ein pelikan som vil verte menneske. Romanen har òg vorte filmatisert under tittelen Pelikaanimies (2004).

 

Seinare verk av Krohn er tettare i uttrykksforma og har ein meir fleirtydig klangbotn. Tainaron. Brev från en annan stad (1987) (originaltittel Tainaron. Postia toisesta kaupungista, 1985) skildrar ei surrealistisk insektverd. Boka er forma som brev til ein ukjend mottakar, 28 i talet. Brevskrivaren gjennomgår i løpet av forteljinga ein metaforfose, slik insekt gjer. Det kjem aldri svar på breva, og lesaren må sjølv tenkje seg til kven som er mottakaren.

 

Umbra (1990, svensk utgåve i 1994) tek opp eksistensielle spørsmål, og forteljaren drøftar kva det er som skaper vald i eit samfunn. Ikkje les denne boka har undertittelen «Forteljingar for dei som veks» og kom ut på norsk i 2000. Originaltittelen er Älä lue tätä kirjaa. Kertomuksia keskenkasvuisille (1994). Her er filosofi i ei form som kan lesast av både unge og gamle.

 

I 2008 kom Bipaviljongen. En berättelse om svärmar ut på svensk. Her rettar Krohn søkjelyset mot den kollektive sjela ein finn i ei gruppe. Omsette til svensk er også Matematiske varelser eller delade drömmar (1996), Att förnimma dess närvaro (1997), Pennan och maskinen (1998) og Pereat mundus (2001).

 

Leena Krohn fekk Takk for boka-medaljen i 1986, Finlandiaprisen i 1992, Topeliusprisen i 1993 og Eino Leino-prisen i 2017. Ho var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1988.

 

Kjelder

Randi Brenden: Ihmisen suhde luontoon ja sivilisatioon Leena Krohnin teoksessa «Kertomuksia». Hovudoppgåve ved Universitetet i Oslo 1997

Randi Brenden: «Fascinerande finsk forfattar og filosof», Dag og Tid 16.2.1995

Randi Brenden: «Leena Krohn», Utflukt nr. 2, 1996

Randi Brenden: «Jenta som voks. Eit blikk på finske Leena Krohns forfattarskap», Bokvennen nr. 3, 1996

Randi Brenden: «Poteter og paradoks», Morgenbladet 26.5.2000

Maijaliisa Jokinen: Från fjärran land till staden Tainaron. Den finska litteraturen och dess grogrund under självständighetstiden. Omsett til svensk av Seija Torpefält. Helsingfors 1993

Maijaliisa Jokinen (red.): Det mörka ljuset. Finsk prosa under 75 år. Stockholm 1993

 

Pia Ingström og Kristina Malmio: «Leena Krohn», norden.org: http://www.norden.org/no/nordisk-raad/nordisk-raads-priser/nordisk-raads-litteraturpris/vinnere-av-nordisk-raads-litteraturpris/2008/nominerte-2008/leena-krohn [lesedato 12.9.2017]

Om filmen «Pelikaanimies (2004)» (Pelikanmannen), elonet.fi: https://www.elonet.fi/fi/elokuva/1255119 [lesedato 17.9.2017]

 

Peikarar

Nettstaden til Leena Krohn 

Først publisert: 05.12.2017
Sist oppdatert: 28.02.2020