Hopp til innhold
X
Innhald

Lev Davidovitsj Landau

Lev Davidovitsj Landau,1908–68, var russisk fysikar. Han arbeidde vesentleg med lågtemperaturfysikk. Landau fekk nobelprisen i fysikk i 1962 for teorien om suprafluiditet. I 1938–39 sat han fengsla, men seinare fekk han stalinprisen tre gonger. Landau arbeidde også innanfor elementærpartikkelfysikk og diamagnetisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011